Stikkord
Sjakk matt
25 Torsdag Aug 2011
Posted Uncategorized
in25 Torsdag Aug 2011
Posted Uncategorized
inStikkord
22 Måndag Aug 2011
Posted Uncategorized
inDen fyrste dagen, på vår fyrste tur i downtown Buenos Aires, var den fyrste personen me snakka med ein mann på gata. Han Arne. Frå Sola. Av nestan 3 millionar menneske i Buenos Aires var den fyrste personen me møtte han Arne. Frå Sola.
Eg var faktisk SÅ lite innstilt på å høyre norsk at når han spurte «Er dykk norske?» (Han hadde nemleg sniklytta og fulgt etter oss) så forsto eg ikkje kva han sa. Men når me nå møtte han Arne, frå Sola, på gata, så var det berre ein ting å gjere; bli kjent!
No er me som gode, gamle vener og går under namna Arne B, Tove K og Ragz. (Til tider Tore og Ragnar når Arne treng kompisar og ein pause frå jentesnakket). Her kjem bilder frå nokre av våre mange eventyr i Buenos Aires 🙂
PS jenter. Når Arne kjem til Norge i desember er han mørk, mystisk, spansktalande og tangodansande. Og eit halvår med Ragz og Tove K har sannsynlegvis fått fram mange mjuke sider. Just sayin».
Arne likar å kle seg ut og underhalde:
Til slutt litt bilder frå Dyrehagen óg;
20 Laurdag Aug 2011
Posted Uncategorized
in17 Onsdag Aug 2011
Posted Uncategorized
in
Idag har me hatt «lekseprøve». Det var det me kalla vår fyrste eksamen sidan faren for at me skulle ta den opp att på tirsdag kjentes ganske stor. Kombinasjonen av deira forkjærleik for detaljerte spørsmål og vår ikkje-fullt-så-detaljerte-spanskkunnskap kunne fort ha ført til ei studiehelg. Men – i staden vert det fri og fryd og gammen til helga! For heile den norske kolonien. Lukke!
Kva er betre enn å feire med ein aldri så liten fotosession ved kjøkkenbordet?
15 Måndag Aug 2011
Posted Uncategorized
inStikkord
Her er mellom anna Evita, tidlegare presidentar i Argentina og dei rike og mektige familiane i Buenos Aires gravlagde. Kistene er ikkje nedgravd i bakken, men befinn seg i kvart sitt vesle hus (=mausoleum) – nokre liknar vakre miniatyrkyrkjer med glassmåleri og forseggjorte ornamenter, andre er gamle og falleferdige. Kyrkjegarden er organisert som ein litan by, med gater innimellom husa, og utan Ragnhild (min personlege GPS) hadde eg gått meg vill 🙂
Fint! Og litt rart.
Eit must å få med seg for Tovi-turist!
13 Laurdag Aug 2011
Posted Uncategorized
inStikkord
I Argentina vert ikkje kakaoen servert heilt ferdig. Den kjem som ein ikeapakke med fleire deler;
Ein kopp med varm melk
+ Ein liten, mørk sjokolade
+ Dypp og rør
= Submmmmmmmmmarino!
Den manglar berre ein ekstra sjokolade som eg kan nyte medan eg «arbeidar» 🙂
11 Torsdag Aug 2011
Posted Uncategorized
in08 Måndag Aug 2011
Posted Uncategorized
inStikkord
Tove Karin: Pleier dykk møte førebudde til kvar time?
Mansilla: Nei, forrige veke sov eg meg gjennom timane, men denne veka følger eg godt med (me har eksamen neste veke). ..Og til forskjell frå deg «no estoy en bolas«*
Tove Karin, som berre har forstått første halvdel av setningen (som skjer ca 50% av tida) nikkar og smilar medan alle argentinerane rundt vil le seg ihjel.
*»Estoy en bolas» = bokstavelig talt «eg er splitter naken».
Òg brukt om å ikkje forstå ein pøkk. Treffande 🙂
Estoy en bolas.
07 Sundag Aug 2011
Posted Uncategorized
inRoser er raude
Fiolar er blå
Druer er søte
Og all mat i Argentina likeså
Etter 6 veker i Argentina har eg mellom anna: