Stikkord
Etter utallege timar med boka og (ikkje minst) ordboka, mykje kaffi, søtsaker, sushi og gynekologiprat med kollokviegjengen kom eksamensdagen. Eller eksamensdagane rettare sagt. Onsdag var det skriftleg prøve; 50 multiple choice henta så direkte ut frå boka at komma’et måtte vere på rette staden for at det skulle vere rett svaralternativ. Her gjeld det å ha fotografisk hukommelse (ynskjar meg dette til jul, by the way). Jamvel om dette var den såkalla «prefinal» kjendes den ut som sjølve finalen. For her stilte me på lik linje med dei argentinske studentane og måtte ha 30 rett for å bestå.
…. OG (trommevirvel..) me bestod! 🙂
Så kom el final. Dette er den raraste eksamenen eg har vore borti. Alle møtte klokka 8, og me sat som skvetne sauer og kasta stjålne blikk mot døra kvar gong nokon kom inn for å rope opp folk. Me nordmenn skulle få «spesialbehandling», og ta eksamen med sjølvaste sjefen på Gynekologiavdelinga, utan å vere heilt sikre på om dette var ein bra eller dårleg deal. Han viste seg å ikkje vere så altfor interesserte i heile eksamenen – Etter tre stk var ferdige (med å lese ein klinisk case opp høgt og svare på tre spørsmål. Med svaralternativ. Som alle var rektige.) måtte jammen professor Provenzano gå på eit møte, så då sat me der då. Alle argentinerane var ferdige for lengst, medan me siste fem skulle vente på møtet til mister Provenzano. Dei andre professorane tok saken i eigne hender og plasserte oss på kvar vårt sete bakover i auditoriet – ein slags individuell gruppeeksamen 😉 Professoren gjekk frå person til person og spurte spørsmål. TO spørsmål for å vere heilt presis, og ikkje særleg vanskeleg spørsmål eingong. Og så sa han at me alle hadde bestått og fått ein 8! (= eit godt stykke over gjennomsnittkarakteren til argentinerane). Kvifor i all verden grudde eg meg til dette?
Jamvel om det ikkje kjennes ut som me har hatt ein eksamen-eksamen, har me likevel verkeleg hatt ein eksamensperiode, og ei frihelg var deilig og velfortjent! Våren kom på laurdag, perfekt timing, og me tilbrakte dagen i parken med bøker som verken har bilete av syfilis eller chlamydia. Berre god gammaldags skjønnlitteratur – og skjønt var det!
For dykk som lurer; Ja! Me har kjøpt oss tavle! Her fins ikkje fancy grupperom, så me tok saken i eigne hender, og den viser seg å vere ganske så kjekk å ha 🙂
God bok, fridag og sol! Kva meir kan eg ynskja meg?
haha, håpe min neste muntlige eksamen og blir sånn! heldigvis så sleppe eg å studera bilder av syfilis og chlamydia… 🙂
du har ein kjekke blogg, argentina virke kjempespennande!
Så kjekt at du les bloggen min, Anna! Håpar du har det finfint:)
Hehe, du skulle prøvd å studere gynekologi på kafé.. Meir enn eit hovud som har snudd seg når dei går forbi og ser, skal me seie mindre fine bilder?:) No er det svangerskap og fødsel for alle penga, så får me sjå kva slags bilder det vert då!
Gratla me vel øvestått, bestått eksamen 🙂 Konge bra 🙂
Håpe du har nøte helgå å at du får litt fridar innimydlå framøve åg 🙂
Tenk at det går an å skriva ein så god historie om ein og to eksamenar, du har ialllfall ikkje arva far din når det gjeld skrivekunst (og godt er det). Kjekt å lesa bloggen din, me glede oss t neste innlegg. Helsing far din 🙂
Jaja, eg er nøgd med far min med eller utan skrivekunst, så lenge leseferdighetene er i orden og dei vert brukte på å lese bloggen min 🙂