Stikkord

For tida pendlar me til eit sjukehus utanfor byen, det vert ca 3t pendling kvar dag med fleire bytter og ofte ein del venting mellom kvar. Idag sat eg og Karoline på toget og snakka om kor utrulig fint denne turen hadde gått! Me var trøytte etter ein lang dag og svært nøgde med at me hadde gått rett ombord i både buss og tog og me fekk til og med sitjeplass! Men ein bør jo aldri seie slike ting før ein er trygt plassert heime i sofaen. Iallefall ikkje utan å banke i bordet.

Her er det ingen høgtalarstemme på toget som fortel deg at «neste stasjon er..Palermo», så her gjeld det å følgje med sjølv. Noko eg trudde eg gjorde.
Eg visste at me snart var framme, men såg på skiltet at no var me kome til «Andén». Stasjonen før min stasjon heiter chacarita, så dermed var det berre å slappa av. Trudde eg. Eg kikkar ut vinduet på neste stasjon og den såg igrunnen veldig kjent ut.. Og kjent var den. Idét me køyrer videre til andre sida av byen innser me at det var jo her me skulle me gått av!

Dei som havna på heilt feil kant av Buenos Aires og tok taxi heim i rein protest; det var oss. Det var litt småbittert å gå av éin stasjon for seint på ein togtur som kostar 1pesos, og måtte betale 20pesos for å koma seg heim att. Men på den lyse sida har eg utvida vokabularet mitt i dag. Det skal eg hugse i morgon når eg kikkar ut vindauget for å orientere meg 🙂

Andén = plattform.