• About

tovekarin

~ livsteikn

tovekarin

Monthly Archives: oktober 2011

Teaser

25 Tysdag Okt 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Éin kommentar

Stikkord

toviturist

Eg har ikkje eingong fått megt (ein av mange grunnar til at du bør kjøpe rogalendingordboka, du som ikkje forstår kva eg meinar no) meg til å plukke ut og legge ut bileta frå forrige reise (Salta) før me skal på tur igjen! Denne gongen ei veke til Brasil! Med fare for å høyrast ut som ei 14 år gammal jente må eg berre sei; WIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIiiiiiiiiiiiiiiiiiiii!!!!!!

Dette vert stas! GOD veke alle saman 🙂
Frykteleg mange bilete kjem om ei veke og litt til.

Reklame

Laurdagslukke

23 Sundag Okt 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 2 kommentarar

Stikkord

finefolk, GLEDE

Midt i den travle hovudgata med så mange folk og bilar at ein blir ør, kan ein gå inn det vesle smuget og plutseleg viser det seg at det fins ei heil lita bortgøymd verd inni der, med bruer og stiar, tre og blommar, restaurantar og teater, Beatlesmuseum og krimskramsbutikkar – Buenos Aires er full av overraskelsar og eg elskar det!

God mat og godt selskap! Sur servitrise, men me smilte. Mediomal musikk, men Andreas & Synva dansa likevel. Altfor søt drink, altfor bitter drink,  me blanda alle saman og då vart det ikkje så verst. Smil og latter og øyreproppar til Andreas dersom det skulle bli for mykje kakling. Kva meir kan ein ynskje seg?

Laurdagslukke.
Takk for fin kveld!















®agnhild!

14 Fredag Okt 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 3 kommentarar

Stikkord

finefolk

Eg har fått meg ei kone. Strengt tatt er ho Sigurd si kone, men han er jo ikkje her, og det er eg, og me har vore ilag kvar dag dei siste 105 dagane, så eg vil nestan sei at eg har fått meg kone.

Som koner flest treng ho kjærleik og oppmerksomheit. Helst i form av eit blogginnlegg. Så, mine damer og herrer, det er ei glede å presentere;

Ragnhild,
som heiter Marie i Buenos Aires, fordi ingen klarar å uttale namnet hennar.

Ragnhild,
som har med seg nok knekkebrød til å forsyne ein liten armé.

Ragnhild,
som kjem heim med Starbucks-frappuccino til meg.(BLESS YOU!)

Ragnhild,
som alltid må vente på meg på andre sida av vegen fordi ho spring framfor bilane, medan eg ropar oppgitt (og litt konete-slæsh-moderleg, mistenkar eg) etter ho.

Ragnhild,
som alltid har med seg ekstra myntar, serviettar, kjeks, handsprit, lypsyl etc. i tilfelle eg skulle mangle noko.

Ragnhild,
som må hente ei ekstra jakke dersom eg har valgt å kle meg meir enn ho ein morgon, jamvel om me begge veit at eg er ein frostmakk og ho (nestan) er like varm som ei kvinne i overgangsalderen.

Ragnhild,
som lagar verdens beste fruktsalat og eplekake.

Ragnhild,
som elskar å synge og å dusje – helst begge deler samtidig.

Ragnhild,
som ringar Sigurd og fortel at no har me haika med tO framande – han vil vel ikkje sponse ein leigebil??

Ragnhild,
som vert invitert på date når ho går på super’n.

Ragnhild,
som er ein av få som går rikare ut av eit kasino.

RAGNHILD,
som nett vart 24 år og som var vel verd ei feiring!

 
 

This slideshow requires JavaScript.

Hyggeleg statistikk

  • 10 072 finfine bloggbesøk

Arkiv

  • februar 2016
  • september 2015
  • januar 2013
  • oktober 2012
  • september 2012
  • april 2012
  • mars 2012
  • februar 2012
  • januar 2012
  • desember 2011
  • november 2011
  • oktober 2011
  • september 2011
  • august 2011

finefolk GLEDE jol kvardag natur påske påskulen småskattar spansktrøbbel takknemlig toviturist trøbbeltrøbbel typiskargentinsk utpåtur! vinter

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Personvern og infokapslar: Denne nettstaden brukar infokapslar. Ved å bruke denne nettstaden, seier du deg samd i bruken av dei.
For å finne ut meir, inkludert korleis du kontrollerer infokapslar, sjå her: Infokapselpraksis
  • Følg Følgjer
    • tovekarin
    • Already have a WordPress.com account? Log in now.
    • tovekarin
    • Tilpass
    • Følg Følgjer
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter innhaldet
    • Vis nettstaden i Reader
    • Handsam abonnementa mine
    • Fald saman denne visingsruta
 

Lastar kommentarar …