Stikkord

Eg har fått meg ei kone. Strengt tatt er ho Sigurd si kone, men han er jo ikkje her, og det er eg, og me har vore ilag kvar dag dei siste 105 dagane, så eg vil nestan sei at eg har fått meg kone.

Som koner flest treng ho kjærleik og oppmerksomheit. Helst i form av eit blogginnlegg. Så, mine damer og herrer, det er ei glede å presentere;

Ragnhild,
som heiter Marie i Buenos Aires, fordi ingen klarar å uttale namnet hennar.

Ragnhild,
som har med seg nok knekkebrød til å forsyne ein liten armé.

Ragnhild,
som kjem heim med Starbucks-frappuccino til meg.(BLESS YOU!)

Ragnhild,
som alltid må vente på meg på andre sida av vegen fordi ho spring framfor bilane, medan eg ropar oppgitt (og litt konete-slæsh-moderleg, mistenkar eg) etter ho.

Ragnhild,
som alltid har med seg ekstra myntar, serviettar, kjeks, handsprit, lypsyl etc. i tilfelle eg skulle mangle noko.

Ragnhild,
som må hente ei ekstra jakke dersom eg har valgt å kle meg meir enn ho ein morgon, jamvel om me begge veit at eg er ein frostmakk og ho (nestan) er like varm som ei kvinne i overgangsalderen.

Ragnhild,
som lagar verdens beste fruktsalat og eplekake.

Ragnhild,
som elskar å synge og å dusje – helst begge deler samtidig.

Ragnhild,
som ringar Sigurd og fortel at no har me haika med tO framande – han vil vel ikkje sponse ein leigebil??

Ragnhild,
som vert invitert på date når ho går på super’n.

Ragnhild,
som er ein av få som går rikare ut av eit kasino.

RAGNHILD,
som nett vart 24 år og som var vel verd ei feiring!

 
 

This slideshow requires JavaScript.

Reklame