Argentina er eit frykteleg stort land. Frå isbre og pingvinar i sør til raude fjell og tropevarme i nord. Å oppleve det viktigaste i Argentina i løpet av våre seks månader her (med kun helger til disposisjon) er mildt sagt eit optimistisk prosjekt. Og å ta turen til Salta når ein fyrst er i Buenos Aires er omtrent som å seie når eg fyrst er på Rennesøy må eg nytte anledninga til å ta ein tur til Paris 🙂 MEN, optimistar er me! Og etter obstetrikkeksamen fann me ut at det var sikkert ingen som kom til å sakna oss dei fyrste dagane på Pediatri og tok oss ei langhelg nordover.
Line og Anneli hadde vore lure og reist dagen før, medan eg og Ragnhild sat stuck på flyplassen i Buenos Aires med tidenes uvér utanfor og frykteleg mange kansellerte fly på skjermane. Idét me hadde venta heeile dagen på ein endeleg beskjed, og verkeleg byrja å gi opp håpet fekk me gla’beskjeden; flyet vårt, som eit av tre, skulle gå!

Dagen etter stod me opp før fuglane, klare for sykkeltur! Dette var ei stor oppleving! Det høgaste punktet låg 3457 moh (viss nokon lurar på om det gjekk mest nedover eller oppover, eller om me for eksempel tok ein buss opp til toppen, har eg ingen kommentar). Det eg KAN kommentere er at ja, me hadde motvind. Men kva gjer vel det når me er fire jenter som kan byte på å trø mot vinden medan resten syklar i ly? Spektakulær natur og nydeleg ver, tre nøgde frøkner, ei fru og nokre einslege hus der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Ein perfekt dag!
Til saman tilbakela me over 70 km på setet, og trøytte og glade søkte me herberge i ein litan by om natta med plan om å ta bussen attende til Salta dagen etter for å leke turistar der. Men – syklar viste seg å vere lite populært på bussane og det var ikkje anna å gjere enn å sette den såre rompa mi på sykkelsetet att. Det skal seiast at av dei fire jentene var det muuuligens eg og mine ikkje altfor sykkelvande føter (jmf. to brukne armar og to stjålne syklar) som var mest skuffa over at bussen ikkje tok oss med. Ragnhild tråkka iherdig på medan ho ropa (bakover) til meg «Det er bare 45 kilometer!»
Ein skulle nestan tru eg mana sykkelen min til å punktere, for det gjorde han. To gonger. Strong, independent women fiksa det fort, så det bar vidare. Heilt til det «berre» var 30 km att, eg hadde sykla på pur melkesyre den siste timen og farten min ikkje låg an til å bringe oss til bussen vidare i tide. Eg tok med meg sykkelen og Line i ein taxi liksågodt, medan Anneli og Ragnhild endeleg kunne sette fart.
Eg vurderte å ikkje dele denne vesle delen av historien, men det er best å vere ærleg, ikkje sant?
I Salta fekk Ragnhild sett ei ny og pysete side av Tove Karin idét me skulle henge og dingle i ein frykteleg liten gondol som snegla seg opp til toppen av eit fjell. (Takk skal du ha far, for akkuratt det genet). Men mannen som jobba der forsikra meg om at dei (ennå) aldri hadde falt ned, og vel oppå toppen var utsikta verd turen!
Line og Anneli følte seg hakket meir kalla til pediatrien i Buenos Aires og reiste sørover att, medan eg og Ragnhild sat oss på bussen vidare nordover til Tilcara. Her tok me inn i verdas mest koselege vesle hytte og på kveldstid nøyt eg livet med ei boka i hengekøya utanfor. Naturen var fantastisk og paradoksal med ørkenaktig sand og illraude fjell, og samstundes kjempefrodig og grønt. Me var i ein «botanisk hage» med kun kaktusar (!), rusla rundt i ruinane til ein gammal inka-landsby, og køyrde lenger enn langt opp på eit fjell for å få utsikt til «fjella med sju fargar». Me var innom små landsbyar, små marknadar og raviner her og der. Det vart mange inntrykk og mange bilete!
På veg heim fekk me litt ekstra drama. Urbefolkninga var mindre nøgde med at regjeringa har overtatt eit landområde urbefolkninga har hatt som sitt, og for å få litt ekstra sus rundt saka si sperra dei likså godt heile vegen. Dei som måtte dele opp turen sin i ørten etappar, og vandre tvers gjennom heile vegsperringa, medan urbefolkninga og hotelsonen (som køyrde oss den første etappen) stod og ropa til einannan, var frøknene Sandve og Salvesen. Men så turistiske som me såg ut var det ingen som såg ut til å ha noko imot at me passerte, og ved hjelp av eit par bussar til kom me oss til slutt til Salta og videre attende til Buenos Aires og pediatrien.
To små jenter i den store verden, men me klarer oss jammen ganske bra 🙂
This slideshow requires JavaScript.