Stikkord

,

Eg får prøve mange ting for fyrste gong her i Buenos Aires.

I dag strøyk eg på min fyrste eksamen.

Eg er i det minste i godt selskap. Halve klassen strøyk. Er det noko gale med klassen eller eksamenen då? Som professoren sa så fint; Strykprosenten var heilt normal. Rundt 20%. Viss me ikkje reknar med los noruegos. Fint å bli inkludert.

Eksamenen var som eit minefelt. Tre kliniske kasus med 6-7 underspørsmål, kvart med ei lita novelle med informasjon på heller vanskeleg spansk, og ørten svaralternativ der me skulle plukke ut dei 3-4 rette. Og for å gjere det heile litt ekstra spanande; killers. På overflata ser alt like ufarleg ut, men trør du feil eksploderer heile oppgåva i trynet ditt (les: vel du eit «killer»svaralternativ får du ingen poeng for heile denne kasusen, uavhengig av om du har svart rett på alt anna).
Ut frå poengsummen min går eg ut frå at eg gjekk på eit par miner.

Det er ingen skam i å stryke! Og førebudde var me. (Både fagleg, og på at me kom til å stryke likevel.) Men eg sit igjen med ei kjip kjensle i kroppen likevel. Kanskje tar eg feil, men eg innbiller meg at eg hadde kjent meg litt betre hadde det vore fortjent. For all del; eg hadde nokre sveitserosthull i kunnskapen min, som dei sikkert kjem til å finne på mandag når eg konter. Men akkuratt i dag vil eg påstå at eksamenen var vel så dårleg som kandidatane. Når argentinerane ikkje forsto kva alt betydde, korleis skal me henge med? Når argentinerane ikkje hadde nok tid til å fullføre, korleis skal det då gå med meg og min flittige ordbokbruk? Ikkje før tida var ute gir dei oss beskjed om at me nordmenn får litt ekstra tid. Ikkje før eg hadde hjarta i halsen, mild takykardi, ei halv oppgåve igjen å besvare og nokre tilfeldige kryss her og der fordi superstressa TK.Sandve og spanske oppgåver på størrelse med noveller ikkje går så godt ilag. Kva med å seie frå litt før? Eg var godt på veg til å få høgt blodtrykk.

Eg tok meg i å lengte heim til ein norsk eksamen der eg skjønar kva dei meiner, der spørsmåla er nokonlunde innanfor pensum og dei er meir ute etter å finne ut kva du kan enn å avdekke kva du ikkje kan. 

Jaja, me tar nye erfaringar i mot og går i lystig lesehelg i møte!
Ynskj (kan ein verkeleg seie det på nynorsk?) oss lykke til!

Reklame