Stikkord

Kva er det verste som kan skje i eit hus med fire jenter? Ein øydelagt varmtvatnsberedar.

Jente nr 1 (roleg): Det er berre kaldt vatn i dusjen.
Jente nr 2 (uroleg): Ånei!! Er det berre kaldt vatn i dusjen!?

Jente nr 3 kjem gåande ned trappa og anar fred og ingen fare.

Jente nr 3 (roleg): Kva snakkar dykk om?
Jente nr 1 (framleis roleg): Det er berre kaldt vatn i dusjen.
Jente nr 3 (uroleg): Kva?? Er det berre kaldt vatn i dusjen?!

Jente nr 4 kjem gåande ned trappa. Klar for å dusje.

Jente nr 3 (motlaus): Det er ikkje varmt vatn i dusjen.
Jente nr 4 (stressa): KVA?!
Jente nr 3: Det er ikkje varmt vatn. Varmtvatnsberedaren er gåen.
Jente nr 4 (desperat): $%&KVA?!$%#»#!…..$#($&/#($HÅRET MITT!%$%#%#

Fire jenter i huset og øydelagt varmvatnsberedar er ein dårleg deal. Verre enn det – det er på kanten til krise. Men kven treng ein mann (i hus) når me har fire handlekraftige jenter? Og ein stk data m/kamera, Skype, eit headset og ein stk handlekraftig mann i andre enden av linja?

Naud lærer naken kvinne å spinne. Det ser ut til at naud lærer naken (og skitten) kvinne å skype óg. Lenge leve feminismen!