• About

tovekarin

~ livsteikn

tovekarin

Monthly Archives: desember 2011

Gledeleg jol!

29 Torsdag Des 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Stikkord

GLEDE, jol

Jula kom brått på i år! Den 22.desember gjekk eg ombord flyet, i tights og singlet og likevel for varm (korleis kler du deg til ei heimreis der det er over 30 grader temperaturforskjell mellom avreise- og ankomstbyen?), med «julikjensle» og ulljakka pakka på toppen av sekken. Den 23.desember gjekk eg ut i kulda på Sola der julas finaste overrasking møtte meg i form av kjære venner, familie, norske flag, julestjerne, smågodt og Tine’s iskaffi. Kva meir kan ei jente ynskje seg?

Det som eventuelt mangla av julestemning etter dette falt raskt på plass då eg steig inn i mors julepynta hus. Her var alt som det skulle vere. Juletre, juleoppsatsar, julekrybba, juleljos, julestjerner, juledukar, julekuler, julebrus, julepakkar, julemusikk, julenøtter, juleenglar…
Jula var komen til familien Sandve og det var eg óg.

Heime venta kjære gjensyn og juletradisjonar. Bror og far lekesloss som før, morfar humra blidt, pinnekjøtet fylde først huset med godlukt og deretter magane, og då onkel Håvard kunne juble over «nodå» i riskremen vart plutseleg me andre altfor mette til å ete ei einaste skjei med riskrem til.

Under treet låg mellom anna nye støvlar, kaffimaskin og krimbok, og meir enn eit medlem av familien fekk Dulce de Leche, Argentina sin «nasjonalingrediens», spesialimportert for anledningen.


Romjul = familieselskap, venneselskap og ikkje minst; selskapsspel! Eg vann Rummikub, men Scrabble gjekk det verre med. Eg mistenker at eg og Gunhild tapte slaget då Helge fekk ein heller luftig idé.

Og til slutt romjula sitt høgdepunkt; Ella! Janne har fått ei uimotståelig lita snelle og tante Tovi har vore å hilst på! Legg merke til at eg allereie har byrja å lære ho rampestreker.

Konklusjon; Maria Mena har eit godt poeng. Å reise heim til jul er ein god idé!

Fortsatt velsigna romjul til deg og dine!

Reklame

Gøy på landet!

29 Torsdag Des 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 2 kommentarar

Stikkord

typiskargentinsk, utpåtur!

Eg har allereie vist dykk resultatet av helga på landet, men det skjedde mykje anna før hesten gikk på trynet og eg fulgte med!

Flott natur, frisk luft, og det finaste reisefølget jammen. Musikken på full guffe og danse rundt i stova (medan Memo og charangoen tar seg litt mannetid på trammen). Parilla (grillings) og rideturar i det fri, ein hussau som er komen for å bli. Kornenger, soyaenger, charango og sang. Gode senger og mate dagen lang. Sombreros og reiler, og valpane så tamme,

…eg hadde det verkeleg GØY på landet!

Einkvar vellykka roadtrip treng ein liten dose action. Jordveg + regn = trøbbel. Når Memo sa at regnet kunne gjere deler av vegen litt lite framkommeleg overdreiv han ikkje. Det endte med at alle frøknene måtte ut og gå i sørpa, nokon såg det komiske i situasjonen klarare enn andre.

Dersom ALI Kaffe kurerer gruff i Noreg er mate kuren i Argentina. Her til trøst for Annie som angra bittert på  strømpebuksa si.

Med tanke på at det var 5km å gå til nærmaste asfaltveg steig humøret betrakteleg då ein hyggeleg señor dukka opp med gode tips (om å sleppe litt luft utav dekka) og eit stort lasteplan (med god plass til tre skitne frøkner).

Vel framme i verdas mest koselege (om enn litt uklåre) hus!

Morgonstund har gull i munn. I alle fall når den består av Maria, Memo, musikk og mate!

I løpet av helga fann me fram til nye og/eller gløymte sider av oss sjølv.

Ragnhild gjenoppdaga ei godt gøymd ballerina

Annie oppdaga naturkvinna

…og eg – eg fann hippien.

Borna kom fram då me fann reilene!

Her ein omgang av Benitoball. Alltid ein slager.

Hippiefotoshoot i kornenga

Gullgjengen

…Oooog nok ein gong: mate. Meir argentinsk kan det ikkje bli.
Vinter/sommar, morgon/kveld, glad/trist, ute/inne – det fins ikkje eit tidspunkt der mate slår feil.


Våre vene vertar!

Parilla (pariiisha)

Kven treng hjelm på ridetur når me har stråhattar?



Nylaga empanadas og ein kosete tass venta då me kom heim frå første ridetur

Fullkommen laurdag

21 Onsdag Des 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Éin kommentar

Stikkord

GLEDE, toviturist

Like over fjorden for Buenos Aires ligg Colonia.
Me gusta!

Velkommen til Colonia, Uruguay!

…der dansande klovnar ynskjer deg velkommen med ballongar i gatene…

…og sola står så midt på himmelen at Ragnhild må gå med nasa i sky for å bli brun…

…der det veks blommar ut av bilane…

…og sjakkbretta er laga av flasker…

…der kelnarane (og prisane) er stive…

…der kaféane er muy koselige…


…og milkshaken verdas beste!

...med gamle, sjarmerande bilar…

…endå gamlare ruinar, med ei stk sjarmerande Ragnhild i midten…


…og fine folk puttar på deg ein sombrero på gata og syng deg ein serenade!

…eller var den kanskje ikkje til oss?

Når ein så etter ein finfin tepause kan ende dagen med eit kveldsbad
– då er dagen i Colonia fullkommen.

Tove Lukkøye

13 Tysdag Des 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 2 kommentarar

Stikkord

trøbbeltrøbbel

Eg har blitt slått ned. Av ein småhissig argentiner. Som heiter Saina. Og går (eller helst spring) på fire bein. Me hadde det så frykteleg kjekt! Heilt til det vart sørpete og ho fann ut at ho skulle falle. Og empatisk som eg er tenkte eg; du må falla sjølv, men eg kan falla med deg. Så då gjorde eg det då. Og så smalt ho hovudet sitt inn i mitt på vegen. Trur eg. Hugsar strengt ikkje noko av det. Men Ragnhild har fortalt meg at det første eg sa var «Det er difor me brukar hjelm i Noreg». Og så fortsatte eg å besvare alle norske spørsmål på spansk. Kvar eg var? Nei, sei det. I Argentina. Var me på landet? Nær Mar Del Plata?! Kunne like gjerne vore i Dubai for alt eg visste. Ikkje heilt orientert for tid og stad kan ein vel seie. Men opptatt av hesten. Kvar var hesten? Korleis gjekk det med den?

Det gjekk bra med den. Det gjekk bra med meg óg. Eit blått auge, litt mørbanka, fine CT-bilder og røntgenbilder å vise til og ei natt på sjukehus i Argentina. Mor meinte at eg trengte ikkje å gå så inn for å bli kjent med det argentinske sjukehussystemet. Så eg er ferdig no. Og nevrokirurgen sa hovudet mitt såg heilt normalt ut. Kven skulle trudd det?

Så no går eg rundt som ei gammal krokete dame og vert utskjemd av mine kjære romvenninner, og kjenner eg er takknemlig for den deilige helga på landet og for at hesten falt til høgre og eg til venstre.

Til dykk som tenkjer dette var veldig typisk meg vil eg berre seie to ting:
1. Det var hesten som falt først.
2. Eg brakk ingenting. (Framskritt!)

F-E-R-D-I-G!

13 Tysdag Des 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Stikkord

GLEDE, påskulen

Vår tid som medisinstudentar i Buenos Aires er forbi! Tre sykehus, ni eksamenar (kremt.. ti kanskje, viss me tel med ein stk konte), massevis av pasientar, professorar og finfine klassekameratar. For ein opplevelse!

Her i vår flotte habitt på Hospital Posadas der me skulle vere med på fødestova fire gonger kvar. Dette var som å kome 50 år attende, der mannen venta på gangen til det såkalla fødselsarbeidet var overstått, og kom inn når det var tid for finalen og eit siste push. Og eg byrja jammen å grina eg óg når «min» fyrste baby vart fødd. Stort!

Me hadde ikkje direkte gleda oss til pediatrieksamen. Her snakkar me STORT pensum, litt færre forelesningar enn me hadde håpa på og forvirra eksamenslesing i den norske boka, den engelske boka, den spanske boka.. Ikkje heilt målretta kan ein seie. Men me har strevd og gjort så godt me kan og til slutt kom eksamensdagen, full av nerver, ordbøker og ein liten Kvikk-Lunsj sendt frå Noreg for anledninga.

 

Og gjett kva? Det er over. Slutt. Bestått. Aprobado. Me var så sikre på at me ikkje skulle stå til sjuande og sist at både den eine og den andre høyrte «desaprobado», men på papiret stod det bestått og me er fulle av juleferiesmil og har plutseleg ein aldri så liten ferie til å nyte Buenos Aires og sommaren til fulle før me drar kvar våre vegar heim til jul, til Machu Picchu, til Rio, sørover.. For Familien Sandvesen sin del er det tur på landet, nokre deilige dagar i Buenos Aires og Machu Picchu på programmet før me vender nasen heim den 22. desember.

No skal me først berre NYTE kjensla av å vere ferdig og eg har i-n-g-e-n-t-i-n-g eg må lese på, anna enn det eg har lyst til! Ah, så deilig! Og tru meg; den smellfeite spanske pediatriboka står ikkje øverst på leselista mi lenger. GLEDE!

 

Pediatriklassen vår på Hospital de Ninos. Fin gjeng!
God helg, folkens! (Jada, eg veit det er tirsdag, men eg ser lyst på livet for tida!)

Hyggeleg statistikk

  • 10 072 finfine bloggbesøk

Arkiv

  • februar 2016
  • september 2015
  • januar 2013
  • oktober 2012
  • september 2012
  • april 2012
  • mars 2012
  • februar 2012
  • januar 2012
  • desember 2011
  • november 2011
  • oktober 2011
  • september 2011
  • august 2011

finefolk GLEDE jol kvardag natur påske påskulen småskattar spansktrøbbel takknemlig toviturist trøbbeltrøbbel typiskargentinsk utpåtur! vinter

Blogg på WordPress.com.

Personvern og infokapslar: Denne nettstaden brukar infokapslar. Ved å bruke denne nettstaden, seier du deg samd i bruken av dei.
For å finne ut meir, inkludert korleis du kontrollerer infokapslar, sjå her: Infokapselpraksis
  • Følg Følgjer
    • tovekarin
    • Already have a WordPress.com account? Log in now.
    • tovekarin
    • Tilpass
    • Følg Følgjer
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter innhaldet
    • Vis nettstaden i Reader
    • Handsam abonnementa mine
    • Fald saman denne visingsruta
 

Lastar kommentarar …