• About

tovekarin

~ livsteikn

tovekarin

Monthly Archives: februar 2012

Heim tell Hamar

21 Tysdag Feb 2012

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 6 kommentarar

Stikkord

kvardag, småskattar

Ingen grunn til å leggje ned reisebloggen, for no har eg flytta til … (trommevirvel) … HAMAR! Viktig å utvide horisonten litt, utforske verda, lære nye språk (Brummundølsk), kulturar og Mjøsa å kjenne. Den alternative årsaken til at eg har blitt midlertidig Hedmarking er Det Medisinske Fakultet og deira mangel på praksisplassar i Oslo.

MEN – no er eg her! Og dette blir fint!
Og skal eg vere her i tre månader må eg kjenne meg heime. Og skal eg kjenne meg heime må eg strengt tatt berre ha éin ting (nestan); blommar.

Takk til nille som sel yskjer, serviettar og lys til studentbudsjettprisar!

Med frå Oslo har eg ein engel som følger meg, blomekasse og kaffifilter. Når eg så har investert i ny pute, pledd og svensk krim, då er det berre å tulle seg inn, lene seg bakover, tenne lysa, opne boka og nyte kaffi og kalde kveldar på Hamar.

Winterwonder

09 Torsdag Feb 2012

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Det snør, det snør, tittelibom!

Tove Karin + is = trøbbel. Tove Karin + sykkel = trøbbel. Kombinasjonen kunne kun endt på Legevakta, så eg held meg til å gå. I verdas beste sko! Takk til samane! (Og til far. Og til den trivelege familien som kjøpte båten vår og fekk han i tidenes beste humør!).

Det er viktig å halde varmen. Ein sau på kvar fot + kaffi gjer susen.

Kaldt ute, varmt inne. Varmt i hjarta, varmt i sinnet!

Salig sundag!

03 Fredag Feb 2012

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 2 kommentarar

Stikkord

kvardag, småskattar, vinter

Sundag. Sundagstur. Snø. Snakkis. Stjerner og sommarfuglar. Skremte duer. Ssshærleikserklæringar* på panseret. Sjokoladeboller. Spotlights. Supreme selskap.

Salig!

*Jada, eg veit betre, men den rette gramatikken øydela S-rekka mi. Ta det som ei aldri så lita støtteerklæring til dykk som meiner me vestlendingar uttalar det meste med Ssh-lyd.

Hyggeleg statistikk

  • 10 067 finfine bloggbesøk

Arkiv

  • februar 2016
  • september 2015
  • januar 2013
  • oktober 2012
  • september 2012
  • april 2012
  • mars 2012
  • februar 2012
  • januar 2012
  • desember 2011
  • november 2011
  • oktober 2011
  • september 2011
  • august 2011

finefolk GLEDE jol kvardag natur påske påskulen småskattar spansktrøbbel takknemlig toviturist trøbbeltrøbbel typiskargentinsk utpåtur! vinter

Blogg på WordPress.com.

Personvern og infokapslar: Denne nettstaden brukar infokapslar. Ved å bruke denne nettstaden, seier du deg samd i bruken av dei.
For å finne ut meir, inkludert korleis du kontrollerer infokapslar, sjå her: Infokapselpraksis
  • Følg Følgjer
    • tovekarin
    • Already have a WordPress.com account? Log in now.
    • tovekarin
    • Tilpass
    • Følg Følgjer
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter innhaldet
    • Vis nettstaden i Reader
    • Handsam abonnementa mine
    • Fald saman denne visingsruta
 

Lastar kommentarar …