Eg elskar gamle ting. Der mor ser eit potensielt midd-hi, ser eg ein gammal, finfin koffert. Og viss det i tillegg kjem frå nokre i familien, er det ekstra stas. Forutsatt at det er i god stand (og helst middfritt) tenker eg; jo eldre, jo betre. Eller meir sjarmerande kanskje.
Fordelen når besteforeldre skal flytte frå digert hus til mindre leilighet er at ikkje alt kan bli med på flyttelasset og gamle, gløymde sjarmtroll hentest fram frå skap og kott. Ulempa er at dei ikkje heilt har knekt koden for kva eg vil ha og ikkje og gjerne hiv det (les: den gamle raude anorakken) eg vil samle på, og samlar på det eg gjerne vil hive. Dermed har dei på elskverdig vis i mange BuenosAiresmånader lagra alskens ting&tang rundt omkring slik at eg kunne få kikke gjennom alt på skattejakt! Og skattar fant eg.
Gamle, sjarmerande koppar og kar, heklaputer og ein retro stol som for ti år sidan eg sikkert ikkje ville hatt om du heiv den etter meg ein gong. Tidene forandrar seg. Smaken min óg. At det er farmor og farfar sine gamle ting gjer det heile ekstra fint.



Favorittskatten min; farmor sine gamle sko!

Eg veit ikkje om det kvalifiserer som ein skatt, men far kom óg trippande og nøgd for å vise eit funn. Alltid beredt!
