• About

tovekarin

~ livsteikn

tovekarin

Tag Archives: GLEDE

Jakob!

08 Måndag Okt 2012

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Stikkord

finefolk, GLEDE, småskattar

Når mi kjæraste Ragnhild vart mamma inviterte eg (sjølutnemnde tante Tovi) til familiefotografering. Det var både min og deira fyrste fotoshoot, men det nydelege motivet gjorde opp for det som mangla av evner&erfaring.

Kva syns dykk? Er dei ikkje ein nydeleg familie, vel?
Velkommen til verda, vesle Jakob!







Reklame

Det beste i 2011!

03 Tysdag Jan 2012

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Éin kommentar

Stikkord

GLEDE, takknemlig

JANUAR!

Det byrja svært så bra. Eg haldt meg på beina heile 1.januar.

2.januar joina eg eit «vi-over-60-som-har-falt-på-glattisen-treff» på SUS, det var ein hyggeleg gjeng, men anbefalest strengt tatt ikkje. Den positive sida ved å brekke armen er at det er ein strålande unnskyldning til å ta mitt livs lengste juleferie og januar sitt høgdepunkt vart således å feire bursdagen min heime for fyrste gong på maaange år! OG eg fekk levert blommar på døra for fyrste gong i livet – det var faktisk superstas! (Takk Herr og Fru Kvinlaug!)

I Oslo venta nydeleg vinter, den finaste fadderguten og hjelpsamme venner!

FEBRUAR!

Tur til Bryggææn og gode, gamle (men framleis unge og lovande) Rennesøyvenninner i Bergen!

Når så Plommå (du veit kven du er) hadde eit vell av fototips og objektiver til låns, DÅ kosa eg meg! Særleg sidan det berre trengs 1,5 arm for å vere paparazzi.

MARS!

I månadsskiftet februar/mars var det duka for Ski-VM! Fram med kubjeller, flag, kvikklunsj og kakao, anorakkar og fjorten lag med ull. Her skulle det heiast frå morgon til kveld, på den fyrste til den siste i løypa.

Ubeskriveleg god stemning både i løypa og på Universitetsplassen!


APRIL!

Årets fyrste båttur, påskeliljer, grilling og eggkoking på «Hauane» med heile nabolaget og late dagar heime. Påskeferie på sitt beste!




Og så var det tid for 17. MAI!
Hipp hipp hurra!

(PS. Fleire enn meg som får assosiasjonar til ein Dressmann-reklame?)


JUNI!

Juni bestod stort sett i eksamenslesing, som sjølvsagt ikkje høyrer med til det beste i 2011. Det gjer derimot den deilige kjensla når det er overstått og bestått og tid for ei deilig veke heime før avreise til Argentina.

Mor sine lappar, turar til Prestvågen og rundt heia – på dagar som dette kan ingenting slå Rennesøy!

JULI!

Adios, Noruega – Hola Buenos Aires!
Aldri før har eg brukt ordet «eh…» så flittig, fortalt i det vide og det breie kva eg gjorde i går eller kva favorittfargen/blommen/filmen/boka/byen min er. Frå dag 1 der eg ikkje forsto eit ord av kva taxisjåføren sa (mistenker at det var noko avansert som kvar-er-du-frå?) var det stort forbetringspotensiale og det kom seg kvar dag.

Me benytta óg dei fyrste fem vekene til å leve det gode turistliv i Buenos Aires + ein 50 (!) timars busstur (slå den du!) rundt omkring.

Fossefalla i Iguazu, samt semifinalen i Copa America toppar julilista!

Me visste forresten ikkje om me kom til å menge oss med fansen frå Peru eller Uruguay, og med tanke på den galskapen me hadde høyrt om fotballfans i Sør-Amerika fann me det tryggast å ta eit av kvart flag på kjakane. Det førte til ein del spørsmål og heva bryn 🙂 Når me fann plassane våre var det ikkje lenger stor tvil om kven me sat i blant – Heia Uruguay, som til slutt vann både semifinalen og finalen!


AUGUST!

No var det slutt på det behagelege språkskulelivet. 1. august var fyrste skuledag på Universitetsnivå og eg fann fort ut at det her, som i Noreg, fantes gode (dvs dei som snakka seint) og dårlege (dei som snakka fort) lærarar.

Ragnhild og eg flytta inn i Scalabrini Ortiz med Maria og Annie – heimen og familien min dei neste fem månadane! Her venta varm velkomst og eg kjende meg heime frå fyrste stund! Av alt eg saknar og er takksam for toppar familien vår i Scalabrini Ortiz lista!

Mi familia Scalabrini Ortiz querida; son las que más extraño!

SEPTEMBER!

Tid for å fornye turistvisumet! I staden for å ta turen til eviglang kø på immigrasjonskontoret tok eg ein frydefull tur til Uruguay med Ragnhild, Arne B og Richard. Anbefalest!

OKTOBER!

Feiring av Ragnhild, stova full av gode Buenos Aires-venner og salig blanding av norsk, engelsk og spansk!

Deretter bar det til Nord-Argentina! Fantastisk sykkeltur, fjell i allslags fargar, ruinar, gondolar, godt selskap, sol og panoramautsikt i aust og vest (bokstaveleg talt).
Tommel opp!


NOVEMBER!

Spør du meg er november den suraste månaden i Noreg, og den finaste i Buenos Aires! Vakker vår med lilla tre, herlege sundagsturar på ein onsdag, kollokvier i parken og rusletur i Rosehagen.

For å toppe det heile tok me ei veke i Brasil og besøkte Jesus og favelaen, levde det glade liv på Copacabana og svømte mellom Isla Grande og ..islas más pequeñas.


DESEMBER!

Dersom ein nasjonal fridag fell på ein onsdag vert den flytta til fredagen, argentinerane likar langhelger og å reise til huset sitt på landet. Grunna to av desse (som sjølvsagt vart flytta til ein torsdag og fredag) og ein plutseleg (og overraskande) effektivitet fekk me plutseleg vår siste eksamen den 6.desember i staden for 16.
Det vil seie 10 bonusdagar til å gjere akkuratt kva me ville i byen me har blitt så glade i! Eg dansa tango i La Boca og nøyt ei siste skål med jordbær og cappuchino a la Italiana på El Ateneo. Me rusla Belgrano rundt guida av lokalkjende Andreas og Synva og delte ut norsk sjokolade til gode naboar og feira Santa Lucia og Synva den 13. Me fekk til og med reise på tur til El Campo (=landet) i ekte argentinerstil og feire jul i Scalabrini Ortiz med vår kjære familie!

Like før avreise til Noreg fekk me ein snartur til Peru der eg fann eit reinsdyr og litt julestemning i Cusco og Ragnhild og eg fann fred i sjela etter å ha fulgt inkane sine fotspor til Machu Picchu.


Når til slutt eg vendte nasa nordover til jul, romjul og ny ferie heime hjå mor – då var sirkelen slutta.

2011 har gitt meg mange overraskingar, vener, opplevingar og ord i vokabularet. Om eg skal oppsummere det i eit ord må det bli dette; Velsigna. Blessed. Bendecida.

Takk for alt det gamle i 2011, kjære venner! Eg ser fram til alt 2012 har å by på!


Gledeleg jol!

29 Torsdag Des 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Stikkord

GLEDE, jol

Jula kom brått på i år! Den 22.desember gjekk eg ombord flyet, i tights og singlet og likevel for varm (korleis kler du deg til ei heimreis der det er over 30 grader temperaturforskjell mellom avreise- og ankomstbyen?), med «julikjensle» og ulljakka pakka på toppen av sekken. Den 23.desember gjekk eg ut i kulda på Sola der julas finaste overrasking møtte meg i form av kjære venner, familie, norske flag, julestjerne, smågodt og Tine’s iskaffi. Kva meir kan ei jente ynskje seg?

Det som eventuelt mangla av julestemning etter dette falt raskt på plass då eg steig inn i mors julepynta hus. Her var alt som det skulle vere. Juletre, juleoppsatsar, julekrybba, juleljos, julestjerner, juledukar, julekuler, julebrus, julepakkar, julemusikk, julenøtter, juleenglar…
Jula var komen til familien Sandve og det var eg óg.

Heime venta kjære gjensyn og juletradisjonar. Bror og far lekesloss som før, morfar humra blidt, pinnekjøtet fylde først huset med godlukt og deretter magane, og då onkel Håvard kunne juble over «nodå» i riskremen vart plutseleg me andre altfor mette til å ete ei einaste skjei med riskrem til.

Under treet låg mellom anna nye støvlar, kaffimaskin og krimbok, og meir enn eit medlem av familien fekk Dulce de Leche, Argentina sin «nasjonalingrediens», spesialimportert for anledningen.


Romjul = familieselskap, venneselskap og ikkje minst; selskapsspel! Eg vann Rummikub, men Scrabble gjekk det verre med. Eg mistenker at eg og Gunhild tapte slaget då Helge fekk ein heller luftig idé.

Og til slutt romjula sitt høgdepunkt; Ella! Janne har fått ei uimotståelig lita snelle og tante Tovi har vore å hilst på! Legg merke til at eg allereie har byrja å lære ho rampestreker.

Konklusjon; Maria Mena har eit godt poeng. Å reise heim til jul er ein god idé!

Fortsatt velsigna romjul til deg og dine!

Fullkommen laurdag

21 Onsdag Des 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Éin kommentar

Stikkord

GLEDE, toviturist

Like over fjorden for Buenos Aires ligg Colonia.
Me gusta!

Velkommen til Colonia, Uruguay!

…der dansande klovnar ynskjer deg velkommen med ballongar i gatene…

…og sola står så midt på himmelen at Ragnhild må gå med nasa i sky for å bli brun…

…der det veks blommar ut av bilane…

…og sjakkbretta er laga av flasker…

…der kelnarane (og prisane) er stive…

…der kaféane er muy koselige…


…og milkshaken verdas beste!

...med gamle, sjarmerande bilar…

…endå gamlare ruinar, med ei stk sjarmerande Ragnhild i midten…


…og fine folk puttar på deg ein sombrero på gata og syng deg ein serenade!

…eller var den kanskje ikkje til oss?

Når ein så etter ein finfin tepause kan ende dagen med eit kveldsbad
– då er dagen i Colonia fullkommen.

F-E-R-D-I-G!

13 Tysdag Des 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Stikkord

GLEDE, påskulen

Vår tid som medisinstudentar i Buenos Aires er forbi! Tre sykehus, ni eksamenar (kremt.. ti kanskje, viss me tel med ein stk konte), massevis av pasientar, professorar og finfine klassekameratar. For ein opplevelse!

Her i vår flotte habitt på Hospital Posadas der me skulle vere med på fødestova fire gonger kvar. Dette var som å kome 50 år attende, der mannen venta på gangen til det såkalla fødselsarbeidet var overstått, og kom inn når det var tid for finalen og eit siste push. Og eg byrja jammen å grina eg óg når «min» fyrste baby vart fødd. Stort!

Me hadde ikkje direkte gleda oss til pediatrieksamen. Her snakkar me STORT pensum, litt færre forelesningar enn me hadde håpa på og forvirra eksamenslesing i den norske boka, den engelske boka, den spanske boka.. Ikkje heilt målretta kan ein seie. Men me har strevd og gjort så godt me kan og til slutt kom eksamensdagen, full av nerver, ordbøker og ein liten Kvikk-Lunsj sendt frå Noreg for anledninga.

 

Og gjett kva? Det er over. Slutt. Bestått. Aprobado. Me var så sikre på at me ikkje skulle stå til sjuande og sist at både den eine og den andre høyrte «desaprobado», men på papiret stod det bestått og me er fulle av juleferiesmil og har plutseleg ein aldri så liten ferie til å nyte Buenos Aires og sommaren til fulle før me drar kvar våre vegar heim til jul, til Machu Picchu, til Rio, sørover.. For Familien Sandvesen sin del er det tur på landet, nokre deilige dagar i Buenos Aires og Machu Picchu på programmet før me vender nasen heim den 22. desember.

No skal me først berre NYTE kjensla av å vere ferdig og eg har i-n-g-e-n-t-i-n-g eg må lese på, anna enn det eg har lyst til! Ah, så deilig! Og tru meg; den smellfeite spanske pediatriboka står ikkje øverst på leselista mi lenger. GLEDE!

 

Pediatriklassen vår på Hospital de Ninos. Fin gjeng!
God helg, folkens! (Jada, eg veit det er tirsdag, men eg ser lyst på livet for tida!)

All I want for christmas

30 Onsdag Nov 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Stikkord

GLEDE, jol

Kva ynskjer du deg til jul? Farmor spør. Mor spør. Alle spør. Kva eg ynskjer meg til jul? Ja, kva ynskjer eg meg eigentleg? Treng eg eigentleg meir?

Eg sit i senga og tenkjer meg om. Går gjennom mentale lister. Er det noko eg treng? Saknar? Kva har venene mine? Noko eg har tenkt eg gjerne skulle hatt? Kva brukar eg i kvardagen? Noko som har gått sundt? Eg kikker rundt i rommet, men blir ikkje så mykje klokare. Der heng paraplyen. Regnklede. Ja, det hadde vore bra. Fine regnklede. Dei eg har ser ut som eg skal vere statist i Fryktens sommer. Skummel mann i bakgata ein regnfull kveld med fiskeharpun i handa. Grønn og tung og.. ja, ny fine regnklede hadde vore bra.
Noko meir?

Når eg i sommar skulle komprimere kvardagen min til 2×23 kg innsåg eg at det var ikkje allverdens eg eigentleg trengte å ta med meg. Og med tanke på at dei same 2×23 kg gjeld på vegen heim har eg dei siste månadane tenkt fint lite på ting og tang eg gjerne skulle hatt. Ikkje er det plass, og ikkje er det behov heller. Eg har allereie så mykje.

Kva eg ynskjer meg til jul? Eg ynskjer å reise heim! Eg ynskjer meg lukta av mor sine julekaker og godmodig erting av far når han et endå ei. Eg ynskjer meg søskenkrangling om den beste stolen og om me skal sjå på Monstertruck eller oppussingsprogram på fjernsynet. Eg ynskjer meg gudsteneste på julafta med glade gjensyn og gode juleklemmar, og farfar som les juleevangeliet før pinnekjøtet. Eg ynskjer meg romjulssamlingar med gode vener, familie og endelause mengder med mat og prat.
Og så ynskjer eg at alle gjekk jula i møte med like mykje forventning og glede som meg.

Eg gler meg til jul! Det fins mange som gruer seg.
Eg har allereie meir enn eg treng. Det fins mange som ikkje har det mest naudsynte.

Kanskje på tide å sende ut ei annleis ynskjeliste?

Bli med!

 

 

Ein god dag!

03 Torsdag Nov 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 3 kommentarar

Stikkord

GLEDE

Jula har kome til familien Sandvesen!

Ein stk Sigurd Salvesen til Ragnhild, og ein stk pakke til meg. Det er jammen lenge sidan eg har sett ein Kiwi-pose! For ikkje å snakke om KiMs-chips, kvikklunsj, gudbrandsdalsost og julemarsipan!

Med 25 grader ute er det lite som minnar oss om at det nærmar seg advent, men det vart juleglede i heimen av dette!

Ha ein fin haustdag dykk der heime 🙂

Laurdagslukke

23 Sundag Okt 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 2 kommentarar

Stikkord

finefolk, GLEDE

Midt i den travle hovudgata med så mange folk og bilar at ein blir ør, kan ein gå inn det vesle smuget og plutseleg viser det seg at det fins ei heil lita bortgøymd verd inni der, med bruer og stiar, tre og blommar, restaurantar og teater, Beatlesmuseum og krimskramsbutikkar – Buenos Aires er full av overraskelsar og eg elskar det!

God mat og godt selskap! Sur servitrise, men me smilte. Mediomal musikk, men Andreas & Synva dansa likevel. Altfor søt drink, altfor bitter drink,  me blanda alle saman og då vart det ikkje så verst. Smil og latter og øyreproppar til Andreas dersom det skulle bli for mykje kakling. Kva meir kan ein ynskje seg?

Laurdagslukke.
Takk for fin kveld!















Punta del Este!

28 Onsdag Sep 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Éin kommentar

Stikkord

GLEDE, toviturist

No er me halvegs i tida vår i Buenos Aires! Det vil seie at det er på tida å ha blitt kjende i byen, blitt lurt av eit par taxisjåførar, fått gode vener, fått rutiner og ein kvardag, fått fleire kyss på kjaken enn i løpet av alle våre år i Noreg, tatt 4 av 9 eksamenar, ynskja våren og nokre argentinske nykommerar velkomne og komt til eit spansknivå der me bruker munnen meir enn hendene når me skal uttrykkje oss.

Sist men ikkje minst, så er det på tida å ryme landet. (Og få nytt, fint turistvisumstempel i passet på vegen heim). Turen gjekk til Uruguay, nærmare bestemt Punta del Este!

Me tok ferja over, og dette var ein av dei mindre hyggelege båtturane eg har vore med på. Vel kjem eg frå ei øy, men eg trur alle åra med tunnell har øydelagt sjøbeina mine, for eg vart Sjøsjuk med stor S. Når dei i tillegg ropte opp at det var behov for ein lege (medan Ragnhild sjølvsagt var på do) var det berre å sjangle bortover og be om at kvalme og halvdårlege spanskkunnskaper ikkje skulle hindre meg i å redde liv. Ja, og så det faktum at eg berre er student då. Og ikkje kan nokonting. MEN, eg vart redda av ein eldre, erfaren lege, og kunne gå attende til setet mitt og konsentrere meg om mi eiga Sjøsjuke med stor S i fred.

MEN, når me endeleg kom fram var det vel verdt turen! Punta del Este er der dei rike og berømte reiser til! Nå er me igrunnen ingen av delene, men det var lavsesong, me booka det billigaste me fann og eg skjønar at folk kjem reisande langvegs frå til dette strandparadiset. Her var det sjø og strender så langt auga kunne sjå, frisk luft og fred og ro. Akkurat det Øyjenta i meg har lengta etter!

På ein morgontur på stranda møtte eg på ein fisk som var skylla i land. I Dr. Dyregodstil tenkte eg «Stakkars deg lillemann, eg skal kaste deg uti igjen eg.» Eg burde nok ha sagt det høgt, for lillemann forsto ikkje heilt at eg ville han vel, så når eg tok han opp vrikka han på seg og sine spisse eit-eller-anna så til dei grader at ein av desse spisse eit-eller-anna-greiene vart sittande igjen INNI hånda mi. Auch. Snakk om å vere utakknemleg. Etter å ha pitla ut det eg fekk til og konferert med Dr. Ragnhild såg me det an og håpa at uruguayske, utakknemlege fiskar ikkje gir norske Dr.Dyregod’ar blodforgiftning. Det gjorde han ikkje, så me kunne fortsette turisttilværelsen.

Laurdag joina Arne B og Richard oss, me leigte bil og køyrde rundt som seg hør og bør som turistar, og tilbrakte deilige dagar i sola, og kvelden på casino der eg tapte 300kr på 30 sekund på ruletten, medan Ragnhild rocka sju-og-ein-halv.
Sundag måtte me motvillig reise attende, Ragnhild brun og 85 dollar rikare, eg raud og 80 dollar fattigare. Begge nøgde, med nye krefter og nytt stempel i passet.

Anbefalest!

This slideshow requires JavaScript.

Smågleder!

20 Laurdag Aug 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Éin kommentar

Stikkord

GLEDE, kvardag

Mange kvardagsgleder denne veka!

Ein stk bestått eksamen
brownies,
finfint besøk,
bukett med blomar og
den beste romvenninna som ga meg dei 🙂

…og endå er ikkje veka over. God helg!

← Older posts

Hyggeleg statistikk

  • 10 072 finfine bloggbesøk

Arkiv

  • februar 2016
  • september 2015
  • januar 2013
  • oktober 2012
  • september 2012
  • april 2012
  • mars 2012
  • februar 2012
  • januar 2012
  • desember 2011
  • november 2011
  • oktober 2011
  • september 2011
  • august 2011

finefolk GLEDE jol kvardag natur påske påskulen småskattar spansktrøbbel takknemlig toviturist trøbbeltrøbbel typiskargentinsk utpåtur! vinter

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Personvern og infokapslar: Denne nettstaden brukar infokapslar. Ved å bruke denne nettstaden, seier du deg samd i bruken av dei.
For å finne ut meir, inkludert korleis du kontrollerer infokapslar, sjå her: Infokapselpraksis
  • Følg Følgjer
    • tovekarin
    • Already have a WordPress.com account? Log in now.
    • tovekarin
    • Tilpass
    • Følg Følgjer
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter innhaldet
    • Vis nettstaden i Reader
    • Handsam abonnementa mine
    • Fald saman denne visingsruta
 

Lastar kommentarar …