• About

tovekarin

~ livsteikn

tovekarin

Tag Archives: kvardag

Yr.no

05 Laurdag Jan 2013

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Stikkord

kvardag, natur, småskattar

Ein kan seie mykje om regn, men når sola bryt gjennom regnskyene etter ein skur og omgivnadane mine ser slik ut, tykkjer eg regnet er på kanten til vakkert!

2013-01-05_0010

2013-01-05_0015 2013-01-05_0014 2013-01-05_0013 2013-01-05_0012 2013-01-05_0011

Bittersøtt

24 Tysdag Apr 2012

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Éin kommentar

Stikkord

kvardag, småskattar, utpåtur!

Det viser seg at viss eg tek til høgre-venstre-høgre kjem eg HIT! For ei nydeleg oppdaging!

Ein smule bittert at eg dei siste to mnd har gått i alle dei andre, mindre naturskjønne retningane. Men når enden er god er allting godt!

Og apropos bittersweet – viss du vil ha fin musikk i øyret på din kvar-kjem-eg-om-eg-tek-til-høgre-venstre-høgre-kveldstur, anbefaler eg denne; http://itunes.apple.com/no/album/bittersweet-single/id508841281?l=nb&ls=1

Håpar veka byr på nokre fine overraskingar for din del óg!

Heim tell Hamar

21 Tysdag Feb 2012

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 6 kommentarar

Stikkord

kvardag, småskattar

Ingen grunn til å leggje ned reisebloggen, for no har eg flytta til … (trommevirvel) … HAMAR! Viktig å utvide horisonten litt, utforske verda, lære nye språk (Brummundølsk), kulturar og Mjøsa å kjenne. Den alternative årsaken til at eg har blitt midlertidig Hedmarking er Det Medisinske Fakultet og deira mangel på praksisplassar i Oslo.

MEN – no er eg her! Og dette blir fint!
Og skal eg vere her i tre månader må eg kjenne meg heime. Og skal eg kjenne meg heime må eg strengt tatt berre ha éin ting (nestan); blommar.

Takk til nille som sel yskjer, serviettar og lys til studentbudsjettprisar!

Med frå Oslo har eg ein engel som følger meg, blomekasse og kaffifilter. Når eg så har investert i ny pute, pledd og svensk krim, då er det berre å tulle seg inn, lene seg bakover, tenne lysa, opne boka og nyte kaffi og kalde kveldar på Hamar.

Salig sundag!

03 Fredag Feb 2012

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 2 kommentarar

Stikkord

kvardag, småskattar, vinter

Sundag. Sundagstur. Snø. Snakkis. Stjerner og sommarfuglar. Skremte duer. Ssshærleikserklæringar* på panseret. Sjokoladeboller. Spotlights. Supreme selskap.

Salig!

*Jada, eg veit betre, men den rette gramatikken øydela S-rekka mi. Ta det som ei aldri så lita støtteerklæring til dykk som meiner me vestlendingar uttalar det meste med Ssh-lyd.

Dag Pablo

25 Fredag Nov 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Éin kommentar

Stikkord

kvardag, typiskargentinsk

Eg vil gjerne introdusere min nye bestevenn; Dag Pablo.

Me har ikkje kjent kvarandre så lenge, men han har blitt ein sentral del av kvardagen min allereie. Han er ein usedvanleg god lyttar (sjølv om han gjerne lagar ein småirriterande konstant summelyd), litt liten av vekst, men med eit gigantisk hovud og stort hjarte. Me møttes gjennom vår felles venn Varmen.

Varmen seier ikkje så mykje han heller, men gjer meg varm og ør, og eg tar meg i å kaste av meg det eine plagget etter det andre i hans selskap. Og når Varmen gjer meg varm i toppen, raud i kinna, og klam i henda, roar Dag Pablo meg ned på sitt milde vis. Det er ikkje det at eg ikkje likar Varmen, men det kan bli litt mykje av det gode av og til.

Det er den 25. November. Klokka er 20.42 og det ser ut til at Varmen og Dag Pablo har tenkt å døgne.

Lenge leve feminismen!

18 Fredag Nov 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Stikkord

kvardag

Kva er det verste som kan skje i eit hus med fire jenter? Ein øydelagt varmtvatnsberedar.

Jente nr 1 (roleg): Det er berre kaldt vatn i dusjen.
Jente nr 2 (uroleg): Ånei!! Er det berre kaldt vatn i dusjen!?

Jente nr 3 kjem gåande ned trappa og anar fred og ingen fare.

Jente nr 3 (roleg): Kva snakkar dykk om?
Jente nr 1 (framleis roleg): Det er berre kaldt vatn i dusjen.
Jente nr 3 (uroleg): Kva?? Er det berre kaldt vatn i dusjen?!

Jente nr 4 kjem gåande ned trappa. Klar for å dusje.

Jente nr 3 (motlaus): Det er ikkje varmt vatn i dusjen.
Jente nr 4 (stressa): KVA?!
Jente nr 3: Det er ikkje varmt vatn. Varmtvatnsberedaren er gåen.
Jente nr 4 (desperat): $%&KVA?!$%#»#!…..$#($&/#($HÅRET MITT!%$%#%#

Fire jenter i huset og øydelagt varmvatnsberedar er ein dårleg deal. Verre enn det – det er på kanten til krise. Men kven treng ein mann (i hus) når me har fire handlekraftige jenter? Og ein stk data m/kamera, Skype, eit headset og ein stk handlekraftig mann i andre enden av linja?

Naud lærer naken kvinne å spinne. Det ser ut til at naud lærer naken (og skitten) kvinne å skype óg. Lenge leve feminismen!

Busted!

29 Torsdag Sep 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 2 kommentarar

Stikkord

finefolk, kvardag

Så står eg der, i billettkontrollen, og prøver å sjå så uskyldig ut som eg berre kan. Forklarer at eg kjøper tur/retur-billett kvar dag, men i dag må eg ha mista den i løpet av dagen. Har tatt fram 100-lappen og veit at dei ikkje er så glad i såkalla «store lappar», kanskje slepp eg unna berre fordi dei ikkje kan veksle.

Så kjem han. Og gir sin billett. For meg. Prinsen ridande på ein kvitløk, som Ragnhild ville sagt. (Hest, løk, caballo, cebolla, poteito, potato).

Det er deilig å vere norsk i Argentina!

PS. Han hasta videre før eg verken rakk å seie takk eller invitere på kaffi. Så eg har framleis føtene godt planta på jorda, med begge skoa på.

Dårleg utsikt

10 Laurdag Sep 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 2 kommentarar

Stikkord

kvardag, spansktrøbbel

Kvar går grensa mellom kul&tung-lang og for lang pannelugg?
Når eg mistar utsikta.

Det har blitt utsatt i det lengste. Eg tenker; når eg ikkje greier å kommunisere tilstrekkeleg med frisørar på norsk til å verte nøgd, korleis skal det då gå her?

Men no får det briste eller bære;

Arne B

22 Måndag Aug 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 4 kommentarar

Stikkord

finefolk, kvardag

Den fyrste dagen, på vår fyrste tur i downtown Buenos Aires, var den fyrste personen me snakka med ein mann på gata. Han Arne. Frå Sola. Av nestan 3 millionar menneske i Buenos Aires var den fyrste personen me møtte han Arne. Frå Sola.

Eg var faktisk SÅ lite innstilt på å høyre norsk at når han spurte «Er dykk norske?» (Han hadde nemleg sniklytta og fulgt etter oss) så forsto eg ikkje kva han sa. Men når me nå møtte han Arne, frå Sola, på gata, så var det berre ein ting å gjere; bli kjent!

No er me som gode, gamle vener og går under namna Arne B, Tove K og Ragz. (Til tider Tore og Ragnar når Arne treng kompisar og ein pause frå jentesnakket). Her kjem bilder frå nokre av våre mange eventyr i Buenos Aires 🙂

PS jenter. Når Arne kjem til Norge i desember er han mørk, mystisk, spansktalande og tangodansande. Og eit halvår med Ragz og Tove K har sannsynlegvis fått fram mange mjuke sider. Just sayin».


Arne likar å kle seg ut og underhalde:

Til slutt litt bilder frå Dyrehagen óg;

This slideshow requires JavaScript.

Smågleder!

20 Laurdag Aug 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Éin kommentar

Stikkord

GLEDE, kvardag

Mange kvardagsgleder denne veka!

Ein stk bestått eksamen
brownies,
finfint besøk,
bukett med blomar og
den beste romvenninna som ga meg dei 🙂

…og endå er ikkje veka over. God helg!

← Older posts

Hyggeleg statistikk

  • 10 044 finfine bloggbesøk

Arkiv

  • februar 2016
  • september 2015
  • januar 2013
  • oktober 2012
  • september 2012
  • april 2012
  • mars 2012
  • februar 2012
  • januar 2012
  • desember 2011
  • november 2011
  • oktober 2011
  • september 2011
  • august 2011

finefolk GLEDE jol kvardag natur påske påskulen småskattar spansktrøbbel takknemlig toviturist trøbbeltrøbbel typiskargentinsk utpåtur! vinter

Blogg på WordPress.com.

Avbryt

 
Lastar kommentarar …
Kommentar
    ×
    Personvern og infokapslar: Denne nettstaden brukar infokapslar. Ved å bruke denne nettstaden, seier du deg samd i bruken av dei.
    For å finne ut meir, inkludert korleis du kontrollerer infokapslar, sjå her: Infokapselpraksis