• About

tovekarin

~ livsteikn

tovekarin

Tag Archives: påskulen

F-E-R-D-I-G!

13 Tysdag Des 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Stikkord

GLEDE, påskulen

Vår tid som medisinstudentar i Buenos Aires er forbi! Tre sykehus, ni eksamenar (kremt.. ti kanskje, viss me tel med ein stk konte), massevis av pasientar, professorar og finfine klassekameratar. For ein opplevelse!

Her i vår flotte habitt på Hospital Posadas der me skulle vere med på fødestova fire gonger kvar. Dette var som å kome 50 år attende, der mannen venta på gangen til det såkalla fødselsarbeidet var overstått, og kom inn når det var tid for finalen og eit siste push. Og eg byrja jammen å grina eg óg når «min» fyrste baby vart fødd. Stort!

Me hadde ikkje direkte gleda oss til pediatrieksamen. Her snakkar me STORT pensum, litt færre forelesningar enn me hadde håpa på og forvirra eksamenslesing i den norske boka, den engelske boka, den spanske boka.. Ikkje heilt målretta kan ein seie. Men me har strevd og gjort så godt me kan og til slutt kom eksamensdagen, full av nerver, ordbøker og ein liten Kvikk-Lunsj sendt frå Noreg for anledninga.

 

Og gjett kva? Det er over. Slutt. Bestått. Aprobado. Me var så sikre på at me ikkje skulle stå til sjuande og sist at både den eine og den andre høyrte «desaprobado», men på papiret stod det bestått og me er fulle av juleferiesmil og har plutseleg ein aldri så liten ferie til å nyte Buenos Aires og sommaren til fulle før me drar kvar våre vegar heim til jul, til Machu Picchu, til Rio, sørover.. For Familien Sandvesen sin del er det tur på landet, nokre deilige dagar i Buenos Aires og Machu Picchu på programmet før me vender nasen heim den 22. desember.

No skal me først berre NYTE kjensla av å vere ferdig og eg har i-n-g-e-n-t-i-n-g eg må lese på, anna enn det eg har lyst til! Ah, så deilig! Og tru meg; den smellfeite spanske pediatriboka står ikkje øverst på leselista mi lenger. GLEDE!

 

Pediatriklassen vår på Hospital de Ninos. Fin gjeng!
God helg, folkens! (Jada, eg veit det er tirsdag, men eg ser lyst på livet for tida!)

Eksamenstrøbbel

10 Torsdag Nov 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Stikkord

påskulen, spansktrøbbel

Eg får prøve mange ting for fyrste gong her i Buenos Aires.

I dag strøyk eg på min fyrste eksamen.

Eg er i det minste i godt selskap. Halve klassen strøyk. Er det noko gale med klassen eller eksamenen då? Som professoren sa så fint; Strykprosenten var heilt normal. Rundt 20%. Viss me ikkje reknar med los noruegos. Fint å bli inkludert.

Eksamenen var som eit minefelt. Tre kliniske kasus med 6-7 underspørsmål, kvart med ei lita novelle med informasjon på heller vanskeleg spansk, og ørten svaralternativ der me skulle plukke ut dei 3-4 rette. Og for å gjere det heile litt ekstra spanande; killers. På overflata ser alt like ufarleg ut, men trør du feil eksploderer heile oppgåva i trynet ditt (les: vel du eit «killer»svaralternativ får du ingen poeng for heile denne kasusen, uavhengig av om du har svart rett på alt anna).
Ut frå poengsummen min går eg ut frå at eg gjekk på eit par miner.

Det er ingen skam i å stryke! Og førebudde var me. (Både fagleg, og på at me kom til å stryke likevel.) Men eg sit igjen med ei kjip kjensle i kroppen likevel. Kanskje tar eg feil, men eg innbiller meg at eg hadde kjent meg litt betre hadde det vore fortjent. For all del; eg hadde nokre sveitserosthull i kunnskapen min, som dei sikkert kjem til å finne på mandag når eg konter. Men akkuratt i dag vil eg påstå at eksamenen var vel så dårleg som kandidatane. Når argentinerane ikkje forsto kva alt betydde, korleis skal me henge med? Når argentinerane ikkje hadde nok tid til å fullføre, korleis skal det då gå med meg og min flittige ordbokbruk? Ikkje før tida var ute gir dei oss beskjed om at me nordmenn får litt ekstra tid. Ikkje før eg hadde hjarta i halsen, mild takykardi, ei halv oppgåve igjen å besvare og nokre tilfeldige kryss her og der fordi superstressa TK.Sandve og spanske oppgåver på størrelse med noveller ikkje går så godt ilag. Kva med å seie frå litt før? Eg var godt på veg til å få høgt blodtrykk.

Eg tok meg i å lengte heim til ein norsk eksamen der eg skjønar kva dei meiner, der spørsmåla er nokonlunde innanfor pensum og dei er meir ute etter å finne ut kva du kan enn å avdekke kva du ikkje kan. 

Jaja, me tar nye erfaringar i mot og går i lystig lesehelg i møte!
Ynskj (kan ein verkeleg seie det på nynorsk?) oss lykke til!

Eksamenstid

05 Måndag Sep 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 5 kommentarar

Stikkord

påskulen

Etter utallege timar med boka og (ikkje minst) ordboka, mykje kaffi, søtsaker, sushi og gynekologiprat med kollokviegjengen kom eksamensdagen. Eller eksamensdagane rettare sagt. Onsdag var det skriftleg prøve; 50 multiple choice henta så direkte ut frå boka at komma’et måtte vere på rette staden for at det skulle vere rett svaralternativ. Her gjeld det å ha fotografisk hukommelse (ynskjar meg dette til jul, by the way). Jamvel om dette var den såkalla «prefinal» kjendes den ut som sjølve finalen. For her stilte me på lik linje med dei argentinske studentane og måtte ha 30 rett for å bestå.

…. OG (trommevirvel..) me bestod! 🙂

Så kom el final. Dette er den raraste eksamenen eg har vore borti. Alle møtte klokka 8, og me sat som skvetne sauer og kasta stjålne blikk mot døra kvar gong nokon kom inn for å rope opp folk. Me nordmenn skulle få «spesialbehandling», og ta eksamen med sjølvaste sjefen på Gynekologiavdelinga, utan å vere heilt sikre på om dette var ein bra eller dårleg deal. Han viste seg å ikkje vere så altfor interesserte i heile eksamenen – Etter tre stk var ferdige (med å lese ein klinisk case opp høgt og svare på tre spørsmål. Med svaralternativ. Som alle var rektige.) måtte jammen professor Provenzano gå på eit møte, så då sat me der då. Alle argentinerane var ferdige for lengst, medan me siste fem skulle vente på møtet til mister Provenzano. Dei andre professorane tok saken i eigne hender og plasserte oss på kvar vårt sete bakover i auditoriet – ein slags individuell gruppeeksamen 😉 Professoren gjekk frå person til person og spurte spørsmål. TO spørsmål for å vere heilt presis, og ikkje særleg vanskeleg spørsmål eingong. Og så sa han at me alle hadde bestått og fått ein 8! (= eit godt stykke over gjennomsnittkarakteren til argentinerane). Kvifor i all verden grudde eg meg til dette?

Jamvel om det ikkje kjennes ut som me har hatt ein eksamen-eksamen, har me likevel verkeleg hatt ein eksamensperiode, og ei frihelg var deilig og velfortjent! Våren kom på laurdag, perfekt timing, og me tilbrakte dagen i parken med bøker som verken har bilete av syfilis eller chlamydia. Berre god gammaldags skjønnlitteratur – og skjønt var det!

For dykk som lurer; Ja! Me har kjøpt oss tavle! Her fins ikkje fancy grupperom, så me tok saken i eigne hender, og den viser seg å vere ganske så kjekk å ha 🙂





God bok, fridag og sol! Kva meir kan eg ynskja meg?

Aprobado!

17 Onsdag Aug 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 3 kommentarar

Stikkord

GLEDE, kvardag, påskulen

 

 

 

Idag har me hatt «lekseprøve». Det var det me kalla vår fyrste eksamen sidan faren for at me skulle ta den opp att på tirsdag kjentes ganske stor. Kombinasjonen av deira forkjærleik for detaljerte spørsmål og vår ikkje-fullt-så-detaljerte-spanskkunnskap kunne fort ha ført til ei studiehelg. Men – i staden vert det fri og fryd og gammen til helga! For heile den norske kolonien. Lukke!

Kva er betre enn å feire med ein aldri så liten fotosession ved kjøkkenbordet?



Estoy en bolas

08 Måndag Aug 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 2 kommentarar

Stikkord

påskulen, spansktrøbbel

I timen idag;

Tove Karin: Pleier dykk møte førebudde til kvar time?
Mansilla: Nei, forrige veke sov eg meg gjennom timane, men denne veka følger eg godt med (me har eksamen neste veke). ..Og til forskjell frå deg «no estoy en bolas«*

Tove Karin, som berre har forstått første halvdel av setningen (som skjer ca 50% av tida) nikkar og smilar medan alle argentinerane rundt vil le seg ihjel.

*»Estoy en bolas» = bokstavelig talt «eg er splitter naken».
Òg brukt om å ikkje forstå ein pøkk. Treffande 🙂

Estoy en bolas.

Hyggeleg statistikk

  • 10 044 finfine bloggbesøk

Arkiv

  • februar 2016
  • september 2015
  • januar 2013
  • oktober 2012
  • september 2012
  • april 2012
  • mars 2012
  • februar 2012
  • januar 2012
  • desember 2011
  • november 2011
  • oktober 2011
  • september 2011
  • august 2011

finefolk GLEDE jol kvardag natur påske påskulen småskattar spansktrøbbel takknemlig toviturist trøbbeltrøbbel typiskargentinsk utpåtur! vinter

Blogg på WordPress.com.

Avbryt

 
Lastar kommentarar …
Kommentar
    ×
    Personvern og infokapslar: Denne nettstaden brukar infokapslar. Ved å bruke denne nettstaden, seier du deg samd i bruken av dei.
    For å finne ut meir, inkludert korleis du kontrollerer infokapslar, sjå her: Infokapselpraksis