Stikkord
Yr.no
05 Laurdag Jan 2013
Posted Uncategorized
in05 Laurdag Jan 2013
Posted Uncategorized
inStikkord
08 Måndag Okt 2012
Posted Uncategorized
inStikkord
Når mi kjæraste Ragnhild vart mamma inviterte eg (sjølutnemnde tante Tovi) til familiefotografering. Det var både min og deira fyrste fotoshoot, men det nydelege motivet gjorde opp for det som mangla av evner&erfaring.
Kva syns dykk? Er dei ikkje ein nydeleg familie, vel?
Velkommen til verda, vesle Jakob!
21 Fredag Sep 2012
Posted Uncategorized
inStikkord
Folkens, eg har møtt ein gutt.
På UL.
Kjekkaste gutten eg har møtt på lenge.
By far.
Alltid eit smil.
Flink å lytte.
Frykteleg sjarmerande.
Velkledd.
Eg er nokså sikker på at han er musikalsk.
Litt lite hår kanskje.. men jenter fell jo for guttar som liknar på far?
I yngste laget, men eg har falt pladask.
Det er med glede eg presenterer dykk for den kulaste UL-deltakaren i historien;
EDIN!
Pappen var på sitt 16.UL i år. Eg trur Edin har potensiale for å sette ny rekord!
PS. Publisert med tillatelse frå fru Måseide 🙂
24 Tysdag Apr 2012
Posted Uncategorized
inStikkord
Ein smule bittert at eg dei siste to mnd har gått i alle dei andre, mindre naturskjønne retningane. Men når enden er god er allting godt!
Og apropos bittersweet – viss du vil ha fin musikk i øyret på din kvar-kjem-eg-om-eg-tek-til-høgre-venstre-høgre-kveldstur, anbefaler eg denne; http://itunes.apple.com/no/album/bittersweet-single/id508841281?l=nb&ls=1
Håpar veka byr på nokre fine overraskingar for din del óg!
12 Torsdag Apr 2012
Posted Uncategorized
inStikkord
Rennesøy. Heim, kjære heim.
Når det regnar horisontalt inn nøkkelholet og sjølv ikkje full hyre kan halde regnet og vinden ute tenkjer eg at det er fint at eg stort sett bur i Oslo.
Men når sola skin og eg rusler ein (frisk! – me er tross alt framleis på Rennesøy) tur til ”Pilå” med den gode naboen, har tidenes beste ettermiddag i naustveggen med Elisabeth eller leikar med mine søte små – då fins ingen stad eg kan ha det betre.
Med andre ord; påska var fiiiin!
Seier du ”påske” til ein bonde på Rennesøy, svarar han ”lam”. Eventuelt ”Jesus”.. Her er rom for både Guds lam og andre lam 🙂 Eg foreviga i alle fall babyboomen i sauhuset medan Elisabeth var bonde. Finare påskemotiv kunne eg ikkje ynskt meg!
21 Tysdag Feb 2012
Posted Uncategorized
inStikkord
Ingen grunn til å leggje ned reisebloggen, for no har eg flytta til … (trommevirvel) … HAMAR! Viktig å utvide horisonten litt, utforske verda, lære nye språk (Brummundølsk), kulturar og Mjøsa å kjenne. Den alternative årsaken til at eg har blitt midlertidig Hedmarking er Det Medisinske Fakultet og deira mangel på praksisplassar i Oslo.
MEN – no er eg her! Og dette blir fint!
Og skal eg vere her i tre månader må eg kjenne meg heime. Og skal eg kjenne meg heime må eg strengt tatt berre ha éin ting (nestan); blommar.
Takk til nille som sel yskjer, serviettar og lys til studentbudsjettprisar!
Med frå Oslo har eg ein engel som følger meg, blomekasse og kaffifilter. Når eg så har investert i ny pute, pledd og svensk krim, då er det berre å tulle seg inn, lene seg bakover, tenne lysa, opne boka og nyte kaffi og kalde kveldar på Hamar.
03 Fredag Feb 2012
Posted Uncategorized
inStikkord
Sundag. Sundagstur. Snø. Snakkis. Stjerner og sommarfuglar. Skremte duer. Ssshærleikserklæringar* på panseret. Sjokoladeboller. Spotlights. Supreme selskap.
Salig!
*Jada, eg veit betre, men den rette gramatikken øydela S-rekka mi. Ta det som ei aldri så lita støtteerklæring til dykk som meiner me vestlendingar uttalar det meste med Ssh-lyd.
10 Tysdag Jan 2012
Posted Uncategorized
inStikkord
Eg elskar gamle ting. Der mor ser eit potensielt midd-hi, ser eg ein gammal, finfin koffert. Og viss det i tillegg kjem frå nokre i familien, er det ekstra stas. Forutsatt at det er i god stand (og helst middfritt) tenker eg; jo eldre, jo betre. Eller meir sjarmerande kanskje.
Fordelen når besteforeldre skal flytte frå digert hus til mindre leilighet er at ikkje alt kan bli med på flyttelasset og gamle, gløymde sjarmtroll hentest fram frå skap og kott. Ulempa er at dei ikkje heilt har knekt koden for kva eg vil ha og ikkje og gjerne hiv det (les: den gamle raude anorakken) eg vil samle på, og samlar på det eg gjerne vil hive. Dermed har dei på elskverdig vis i mange BuenosAiresmånader lagra alskens ting&tang rundt omkring slik at eg kunne få kikke gjennom alt på skattejakt! Og skattar fant eg.
Gamle, sjarmerande koppar og kar, heklaputer og ein retro stol som for ti år sidan eg sikkert ikkje ville hatt om du heiv den etter meg ein gong. Tidene forandrar seg. Smaken min óg. At det er farmor og farfar sine gamle ting gjer det heile ekstra fint.
Favorittskatten min; farmor sine gamle sko!
Eg veit ikkje om det kvalifiserer som ein skatt, men far kom óg trippande og nøgd for å vise eit funn. Alltid beredt!