Tove Karin skal ut på eventyr aleine (= kunstmuseum, rosehagen og rusle rundt innsjøane), og skal ta bussen. Ho veit ikkje heilt kva buss ho skal ta, kvar den går frå, kvar ho skal gå av.. kort sagt litt desorientert. Tross dette prøvar ho, fornuftig som ho er, å sjå svært så sikker og lokal ut. Men med blå auge, lysebrunt hår og hud så kvit at det burde vore sju dvergar rundt ho, er det nødt til å skje.
– Treng du hjelp, Senorita?
Argentinerar ER faktisk frykteleg hjelpsamme. Og ho lurer jo faktisk på kva buss ho skal ta. Men det anar ho at den småslitne mannen kan bli litt slitsam. (For ordens skyld skal det seiast at klokka er 10 ein sundags morgon og det er mange folk i busskøen. Ingen fare. Som sagt; ei fornuftig jente.)
– Treng du hjelp, Senorita? Kvar er du frå?
– Kan eg ta nr 15 til Avenida del Libertador?
– Kvar er du frå? Så fin du er.
– Frå Noreg..
– Hermosa!
(No svært konsentrert om å kikke på skiltet i håp om å finne utav sjølv kva buss ho skal ta og samtidig avslutte samtalen)
– Ser alle i Noreg ut som deg?
Han smiler eit semitannlaust smil. I mangel på eit godt eit gir ho ikkje noko svar.
– Kan ikkje eg og du gå ut i kveld, linda?
– Eh.. Nei.
Til no har ho funne ut at ho skal ta nr 15, og ho ser den nærmar seg.
– Gå ut med meg, linda. Me kan ta ein kaffi og bli betre kjent.
– Nei takk, eg trur ikkje det.
No både litt forlegen og litt irritert.
– Kvifor ikkje? Har du ein kjærast i Noreg?
– Eh.. JA.
Naiv som ho er tenker ho at McDreamy som ventar i Noreg skal gjere susen.
– Viss han er i Noreg har det jo ingenting å seie!
Nytt semitannlaust smil.
Ho har venta på 15-bussen i 10min, kven veit når neste kjem. Ho håpar han ikkje skal på 15-bussen. Det skal han. Ho blir ståande når heile køen går ombord.
– Eg skal ta 110-bussen, eg.
– Så hyggeleg å møte deg, linda! Er du på facebook?
Det kjem aldri ein ny 15-buss. Etter nye 10min med venting, denne gong i hyggeleg prat med ei gammal dame utan facebook og baktankar, gir Tove Karin opp 15-bussen, hoppar på 110 og startar dagens eventyr på ein annan kant av byen. Og jamvel om det ikkje vert verken kaffi ned prince charming eller fins ein McDreamy som ventar i Noreg lever ho lukkeleg heile sundagen 🙂