• About

tovekarin

~ livsteikn

tovekarin

Tag Archives: typiskargentinsk

Gøy på landet!

29 Torsdag Des 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 2 kommentarar

Stikkord

typiskargentinsk, utpåtur!

Eg har allereie vist dykk resultatet av helga på landet, men det skjedde mykje anna før hesten gikk på trynet og eg fulgte med!

Flott natur, frisk luft, og det finaste reisefølget jammen. Musikken på full guffe og danse rundt i stova (medan Memo og charangoen tar seg litt mannetid på trammen). Parilla (grillings) og rideturar i det fri, ein hussau som er komen for å bli. Kornenger, soyaenger, charango og sang. Gode senger og mate dagen lang. Sombreros og reiler, og valpane så tamme,

…eg hadde det verkeleg GØY på landet!

Einkvar vellykka roadtrip treng ein liten dose action. Jordveg + regn = trøbbel. Når Memo sa at regnet kunne gjere deler av vegen litt lite framkommeleg overdreiv han ikkje. Det endte med at alle frøknene måtte ut og gå i sørpa, nokon såg det komiske i situasjonen klarare enn andre.

Dersom ALI Kaffe kurerer gruff i Noreg er mate kuren i Argentina. Her til trøst for Annie som angra bittert på  strømpebuksa si.

Med tanke på at det var 5km å gå til nærmaste asfaltveg steig humøret betrakteleg då ein hyggeleg señor dukka opp med gode tips (om å sleppe litt luft utav dekka) og eit stort lasteplan (med god plass til tre skitne frøkner).

Vel framme i verdas mest koselege (om enn litt uklåre) hus!

Morgonstund har gull i munn. I alle fall når den består av Maria, Memo, musikk og mate!

I løpet av helga fann me fram til nye og/eller gløymte sider av oss sjølv.

Ragnhild gjenoppdaga ei godt gøymd ballerina

Annie oppdaga naturkvinna

…og eg – eg fann hippien.

Borna kom fram då me fann reilene!

Her ein omgang av Benitoball. Alltid ein slager.

Hippiefotoshoot i kornenga

Gullgjengen

…Oooog nok ein gong: mate. Meir argentinsk kan det ikkje bli.
Vinter/sommar, morgon/kveld, glad/trist, ute/inne – det fins ikkje eit tidspunkt der mate slår feil.


Våre vene vertar!

Parilla (pariiisha)

Kven treng hjelm på ridetur når me har stråhattar?



Nylaga empanadas og ein kosete tass venta då me kom heim frå første ridetur

Reklame

Dag Pablo

25 Fredag Nov 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Éin kommentar

Stikkord

kvardag, typiskargentinsk

Eg vil gjerne introdusere min nye bestevenn; Dag Pablo.

Me har ikkje kjent kvarandre så lenge, men han har blitt ein sentral del av kvardagen min allereie. Han er ein usedvanleg god lyttar (sjølv om han gjerne lagar ein småirriterande konstant summelyd), litt liten av vekst, men med eit gigantisk hovud og stort hjarte. Me møttes gjennom vår felles venn Varmen.

Varmen seier ikkje så mykje han heller, men gjer meg varm og ør, og eg tar meg i å kaste av meg det eine plagget etter det andre i hans selskap. Og når Varmen gjer meg varm i toppen, raud i kinna, og klam i henda, roar Dag Pablo meg ned på sitt milde vis. Det er ikkje det at eg ikkje likar Varmen, men det kan bli litt mykje av det gode av og til.

Det er den 25. November. Klokka er 20.42 og det ser ut til at Varmen og Dag Pablo har tenkt å døgne.

La Feria de Mataderos

18 Sundag Sep 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 4 kommentarar

Stikkord

toviturist, typiskargentinsk

Dei KAN dette med marknadar her i Buenos Aires. Kvar helg er det ein haug av ulike å velge mellom, me har allereie tatt for oss dei nærmaste, men no var det på tide å prøve mora til alle marknadar – marknaden i Mataderos! Dette var som Rennesøydagen møter 17.mai med ein dæsj av folkedans og Villl Vest. Me åt herleg choripan («hamburgerpølse i brød»), sjokoladebananer og karamelliserte jordbær, trålte boder opp og boder ned, fekk oppleve tradisjonell musikk og folkedans, og lot oss imponere over los gauchos og deira enorme presisjon!

I rasande fart skulle dei stå rake på hesteryggen og treffe ein litan ring med ein pinne; eg var redd dei enten skulle falle av eller treffe stånga med hovudet, men det gjekk fint med alle saman 🙂 Jo eldre dei var, jo meir treffsikre. Imponerande!

På toppen av det heile var det deilig temperatur og sol, og eit upåklageleg selskap. Ein FINFIN sundagsaktivitet!













Tango!

13 Tysdag Sep 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ Kommenter innlegget

Stikkord

typiskargentinsk

Eg likar å bu i ein by der folk dansar tango på gata!
Dei «menneskelege statuene» på Karl Johan (som igrunn liknar meir på menneske enn på statuer og tar røykepausar kvart femte minutt) kan gå og legge seg. Viva Buenos Aires!

Submarino!

13 Laurdag Aug 2011

Posted by tovekarin in Uncategorized

≈ 3 kommentarar

Stikkord

typiskargentinsk

I Argentina vert ikkje kakaoen servert heilt ferdig. Den kjem som ein ikeapakke med fleire deler;
Ein kopp med varm melk
+ Ein liten, mørk sjokolade
+ Dypp og rør

= Submmmmmmmmmarino!

Den manglar berre ein ekstra sjokolade som eg kan nyte medan eg «arbeidar» 🙂

This slideshow requires JavaScript.

Hyggeleg statistikk

  • 10 072 finfine bloggbesøk

Arkiv

  • februar 2016
  • september 2015
  • januar 2013
  • oktober 2012
  • september 2012
  • april 2012
  • mars 2012
  • februar 2012
  • januar 2012
  • desember 2011
  • november 2011
  • oktober 2011
  • september 2011
  • august 2011

finefolk GLEDE jol kvardag natur påske påskulen småskattar spansktrøbbel takknemlig toviturist trøbbeltrøbbel typiskargentinsk utpåtur! vinter

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Personvern og infokapslar: Denne nettstaden brukar infokapslar. Ved å bruke denne nettstaden, seier du deg samd i bruken av dei.
For å finne ut meir, inkludert korleis du kontrollerer infokapslar, sjå her: Infokapselpraksis
  • Følg Følgjer
    • tovekarin
    • Already have a WordPress.com account? Log in now.
    • tovekarin
    • Tilpass
    • Følg Følgjer
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter innhaldet
    • Vis nettstaden i Reader
    • Handsam abonnementa mine
    • Fald saman denne visingsruta
 

Lastar kommentarar …