Stikkord

,

Så står eg der, i billettkontrollen, og prøver å sjå så uskyldig ut som eg berre kan. Forklarer at eg kjøper tur/retur-billett kvar dag, men i dag må eg ha mista den i løpet av dagen. Har tatt fram 100-lappen og veit at dei ikkje er så glad i såkalla «store lappar», kanskje slepp eg unna berre fordi dei ikkje kan veksle.

Så kjem han. Og gir sin billett. For meg. Prinsen ridande på ein kvitløk, som Ragnhild ville sagt. (Hest, løk, caballo, cebolla, poteito, potato).

Det er deilig å vere norsk i Argentina!

PS. Han hasta videre før eg verken rakk å seie takk eller invitere på kaffi. Så eg har framleis føtene godt planta på jorda, med begge skoa på.

Reklame