Barcelona!

Stikkord

Desse Barcelonabileta frå i sommar har låge opplasta og godgjort seg i lange tider, utan å bli publisert. Så, før me startar eit nytt år med nye bilete – her er dei!

Billige billettar = rare flytider. Sidan me ankom Barcelona så seint hadde me den geniale ideen at me kunne sove på flyplassen. Her er klokka to og me har rigga oss til i eit fredeleg hjørne av flyplassen. Perfekt soveplass! Trudde me.
Akkuratt sovna – going once: Me vert vekka av hyggeleg og blid flyplassdame som fortel at denne delen av flyplassen er stengd fram til fire, og me må opp ein etasje.

Me flyttar opp ein etasje og eg rigger meg til i verdas minst behagelige stilling på ein benk med særs upraktisk plasserte armlen.
Akkuratt sovna – going twice: Me vert vekka av uhyggelig og ublid flyplassdame som vil kaste oss ut midt på natta fordi det er berre folk som skal reise FRÅ flyplassen som får overnatte, ikkje dei som nett har kome. Heldigvis kjem ein mann i betre humør og informerer dama på powertrip om å la oss vere i fred. Men me kan ikkje sove der, me må flytte oss inn i venterommet.

Venterommet = benklaust (lydlaust, not so much), så me legg oss på golvet.
Akkuratt sovna – sold? Vekka, igjen, viser boardingpasset, igjen, forklarer, igjen, kvifor me søv der når me nett har kome til byen, og får beskjed om å flytte – igjen.

Neste gong betalar eg for ei ekstra hotellnatt, gitt.

Utanom den søvnlause starten kunne Barcelona by på alt ein kan ynskje seg, frå fotballglede på ein lokal fotballpub, deilig mat og shopping, til arkitektur, bysjarm, sol og strandliv.

Me oppdaga ein ny type apotek, med medikamenter etter vår smak. Bokstaveleg talt. Mot mandagar, ananasdiett, sundagar utan fotball, sundagar med fotball, global oppvarming – kva enn du treng ein kur mot.



Anbefales!

Forelska?

Stikkord

,

Folkens, eg har møtt ein gutt.

På UL.
Kjekkaste gutten eg har møtt på lenge.
By far.

Alltid eit smil.
Flink å lytte.
Frykteleg sjarmerande.
Velkledd.
Eg er nokså sikker på at han er musikalsk.
Litt lite hår kanskje.. men jenter fell jo for guttar som liknar på far?

I yngste laget, men eg har falt pladask.
Det er med glede eg presenterer dykk for den kulaste UL-deltakaren i historien;

EDIN!

Pappen var på sitt 16.UL i år. Eg trur Edin har potensiale for å sette ny rekord!

PS. Publisert med tillatelse frå fru Måseide 🙂

Una visita de los porteños

Eg er attende i Argentina! Men før eg kan blogge om at eg er komt til Argentina tenkte eg det var på tide å blogge om når Argentina kom til meg.

Pinsehelga kom Leila (mi profesora de español) og Chris (kjærasten) reisande for å oppleve Noruega på sitt skjønnaste, mildaste maivis. Det vart ei turbohelg utan like med lite søvn og mykje alegría! 

Kven skulle trudd at grisene var det mest interessante motivet på folkemuseet? 

Jordbær, is og kjeks med brunost på Huk. Eg hadde gløymt kvar nudiststranda var, så når me sette oss fekk besøket sjå litt meir av los noruegos enn dei strengt tatt hadde trengt. Trenden fortsatte i Vigelandsparken, men Leila kjende seg heime når ho fann ein figur å identifisere seg med – ein liten, men fyrrig kar.

Eit nattog seinare befant me oss i Stavanger som viste seg frå si beste side.

Eg har ein smule høgdeskrekk og ein tendens til å falle ned frå ting – Preikestolen er ikkje den ideelle plassen for meg. Men når folk har reist frå andre sida av kloden for å sjå dette vidunderet er det berre å halde pusten, halde i Ragnhild og hale seg opp til toppen. Valió la pena!

Bittersøtt

Stikkord

, ,

Det viser seg at viss eg tek til høgre-venstre-høgre kjem eg HIT! For ei nydeleg oppdaging!

Ein smule bittert at eg dei siste to mnd har gått i alle dei andre, mindre naturskjønne retningane. Men når enden er god er allting godt!

Og apropos bittersweet – viss du vil ha fin musikk i øyret på din kvar-kjem-eg-om-eg-tek-til-høgre-venstre-høgre-kveldstur, anbefaler eg denne; http://itunes.apple.com/no/album/bittersweet-single/id508841281?l=nb&ls=1

Håpar veka byr på nokre fine overraskingar for din del óg!

#Påska 2012#

Stikkord

, , ,

Rennesøy. Heim, kjære heim.
Når det regnar horisontalt inn nøkkelholet og sjølv ikkje full hyre kan halde regnet og vinden ute tenkjer eg at det er fint at eg stort sett bur i Oslo.

Men når sola skin og eg rusler ein (frisk! – me er tross alt framleis på Rennesøy) tur til ”Pilå” med den gode naboen, har tidenes beste ettermiddag i naustveggen med Elisabeth eller leikar med mine søte små – då fins ingen stad eg kan ha det betre.

Med andre ord; påska var fiiiin!

Seier du ”påske” til ein bonde på Rennesøy, svarar han ”lam”. Eventuelt ”Jesus”.. Her er rom for både Guds lam og andre lam 🙂 Eg foreviga i alle fall babyboomen i sauhuset medan Elisabeth var bonde. Finare påskemotiv kunne eg ikkje ynskt meg!




Til orientering

Stikkord

Til mi store overrasking har eg funne ut at det er visst berre me rogalendingar som driv med eggekoking i påska. Kva i all verda driv dykk andre med i påska?:) Så for å opplyse resten av landet; slik føregår den perfekte eggekokinga!

 PS. Viss nokon kan orientere meg om kvifor me gjer dette, er eg open for info!