Eg er attende i Argentina! Men før eg kan blogge om at eg er komt til Argentina tenkte eg det var på tide å blogge om når Argentina kom til meg.
Pinsehelga kom Leila (mi profesora de español) og Chris (kjærasten) reisande for å oppleve Noruega på sitt skjønnaste, mildaste maivis. Det vart ei turbohelg utan like med lite søvn og mykje alegría!
Kven skulle trudd at grisene var det mest interessante motivet på folkemuseet?
Jordbær, is og kjeks med brunost på Huk. Eg hadde gløymt kvar nudiststranda var, så når me sette oss fekk besøket sjå litt meir av los noruegos enn dei strengt tatt hadde trengt. Trenden fortsatte i Vigelandsparken, men Leila kjende seg heime når ho fann ein figur å identifisere seg med – ein liten, men fyrrig kar.
Eit nattog seinare befant me oss i Stavanger som viste seg frå si beste side.
Eg har ein smule høgdeskrekk og ein tendens til å falle ned frå ting – Preikestolen er ikkje den ideelle plassen for meg. Men når folk har reist frå andre sida av kloden for å sjå dette vidunderet er det berre å halde pusten, halde i Ragnhild og hale seg opp til toppen. Valió la pena!