Stikkord

,

Eg vil gjerne introdusere min nye bestevenn; Dag Pablo.

Me har ikkje kjent kvarandre så lenge, men han har blitt ein sentral del av kvardagen min allereie. Han er ein usedvanleg god lyttar (sjølv om han gjerne lagar ein småirriterande konstant summelyd), litt liten av vekst, men med eit gigantisk hovud og stort hjarte. Me møttes gjennom vår felles venn Varmen.

Varmen seier ikkje så mykje han heller, men gjer meg varm og ør, og eg tar meg i å kaste av meg det eine plagget etter det andre i hans selskap. Og når Varmen gjer meg varm i toppen, raud i kinna, og klam i henda, roar Dag Pablo meg ned på sitt milde vis. Det er ikkje det at eg ikkje likar Varmen, men det kan bli litt mykje av det gode av og til.

Det er den 25. November. Klokka er 20.42 og det ser ut til at Varmen og Dag Pablo har tenkt å døgne.